Første resultat av bypakken for sikrare skuleveg

Ein månad etter oppstart av bompengar er det første tiltaket for sikrare skuleveg i Bypakke Ålesund på plass.  

 

Volsdalsbakken

 

Både Setrevegen på Fjelltun og Volsdalsbakken var allereie i september 2022 oppgradert med merka fotgjengarovergang og intensivlys. Dette er eit av strakstiltaka og dei mindre tiltaka  i Bypakke Ålesund.

 

Setrevegen

 

 

Andre eksempel på strakstiltak som skal gi tryggare skuleveg og som alle har planlagt bygging i løpet av hausten og vinteren er:

  • Olsvika: Alvikvegen og Brusdalsvegen
    • Oppstramming av kryss
    • Flytting og forbetring av overgangar
    • Betre lys
  • Fylkesveg 6210 Blindheimsbreivika
    • Oppstramming av kryss
    • Flytting og forbetring av overgangar
    • Intensivbelysning av overgang ved Shell Vegsund
  • Fylkesveg 536 Gåseid, kryss mellom Borgundvegen og Grønvika
    • Oppstramming av kryss
    • Flytting og forbetring av overgangar
    • Betre lys ved overgang og busslomme

I tillegg kjem større prosjekt som trygg kryssing på Bjørge, skuleveg på Aspøy, skuleveg på Hessa og skuleveg på Hatlane som delar av Bypakke Ålesund og som er retta mot tryggare skuleveg.

Sjå meir om prosjekta her.