Gratis buss frå 22. august 2022

22. august 2022 skjer det mykje med kollektivtrafikken i Ålesund (gamle Ålesund kommune), Sula og Giske. Bussane får heilt nye linjenummer, og det blir gratis å reise med buss i to månader frå 22. august til 22. oktober. Det blir og 40 % rabatt på hurtigbåt til/frå Ålesund i same periode.

Ein elbuss står ved Kiperviktorget.  - Klikk for stort bilete Foto: Hallstein Lillevik

 
Målet med kampanjen er at fleire skal bli vande med å bruke kollektivtransport. Gratisperioden startar same dag som det blir starta innkreving av bompengar i Ålesund.

Gratis buss gjeld på- og avstiging i eit definert område

Tilbodet om gratis buss er for dei som gjennomfører heile reisa – altså går både på og av bussen – i gratisområdet.

Gratisområdet omfattar desse sonene: 300 Ålesund, 302 Moa, 303 Blindheim/Solavågen, 304 Magerholm, 305 Brusdalen, 306 Ellingsøya, 307 Taftesund, 308 Valderøy-Giske, 309 Godøya, 310 Roald, 311 Digernes, 314 Glomset, 321 Langevågen, 322 Sulesund.

Her kan du sjå eit kart over området med gratis buss.

Kart over Sunnmøre med merking. - Klikk for stort bileteKart som viser gratissoner for buss

 Viss reisa di startar utanfor gratisområdet, eller du startar i gratisområdet og skal reise til ei sone utanfor dette området, må du betale billett for heile reisa som før. Det same gjeld om du kjøper periodebillett for eit område som startar/sluttar utanfor gratisområdet.

Billettlaus reise innanfor gratisområdet

I perioden med gratis buss reiser du billettlaust viss du både startar og avsluttar reisa di innanfor gratisområdet. Det vil seie at det ikkje er nokon billett som skal lesast av på kortlesarane om bord. Reiser du inn eller ut av gratisområdet, skal du ha gyldig billett og skal lese av billetten på kortlesaren.

Det blir meir folk på bussane

I perioden med gratis buss venter vi auka trafikk på bussane. Det vil bli sett opp ekstrabussar i den grad vi har moglegheit til det. Ver merksam på at dette kan vere turbussar utan FRAM-profil.

Enkelte dagar vil det ikkje vere mogleg å leige inn eksterne bussar på grunn av manglande tilgang på ekstrabussar og/eller sjåførar.

Vi ber alle våre reisande om å vise omsyn til kvarandre, utnytte plassen på bussane, høyre på sjåføren sine beskjeder, og vente på neste buss viss bussen er heilt full. På den mest trafikkerte strekninga mellom Ålesund sentrum og Moa går det buss kvart 10. minutt i rushtida og rundt kvart 20. minutt utanfor rushtida på dagtid.

Tek du vanlegvis ein buss som er ganske full og du har noko du må rekke, til dømes skolestart, kan det vere lurt å ta ein buss tidlegare enn vanleg.