Innhaldsrikt arrangement om byutvikling

The North West inviterte til arrangement om berekraftig byutvikling på Parken Kulturhus torsdag 27. april. Bypakke Ålesund og sentrumsutvikling blei eit av hovudtema i det innhaldsrike programmet. 

Politikarar frå ulike politiske parti sittande ved sidan av kvarandre - Klikk for stort bileteDet blei ein politisk paneldebatt om byutvikling i Ålesund. Fv: Pål Bakke (programleiar), Anders Riise (Fylkesordførerkandidat Møre og Romsdal), Anders Lindbeck (SV), Monica Molvær (H), Anne Berit Støyva Emblem (AP) og Håkon Lykkebø Strand (FrP) Ålesund kommune

Korleis kan ein bypakke vere eit viktig verktøy for berekraftig byutvikling? Kva alternativ finst for å utvikle bysentrum utan ein bypakke, spør The North West i forkant av dette arrangementet. Detta la grunnlaget for ein spennande og innhaldsrik dag med mange gode presentasjonar, ulike perspektiv, diskusjonar og verdifull deling av erfaringar. 

Bypakke Ålesund 

The North West hadde fått med seg Pål Bakke som programleiar denne dagen. Han inviterte ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal opp på scena for å gje ein overordna presentasjon om Bypakke Ålesund. Bypakke Ålesund arbeider med å sikre berekraftig byutvikling i ein attraktiv og levande by - i dag og i framtida, sa ordføraren til dei frammøtte i sin presentasjon. Sentrale myndigheiter har som eit mål om å redusere biltrafikken i norske byar. Aurdal legg difor fram Bypakke Ålesunds mål:

Ordførar står foran skjerm og snakkar om Bypakke Ålesund - Klikk for stort bileteOrdførar Aurdal har presentasjon om Bypakke Ålesund Ålesund kommune
  • Byen skal ha eit påliteleg og effektivt transportsystem for alle transportformer.
  • Transportsystemet må møte veksten i transportsektoren 
  • Bypakken skal bidra til å utvikle framtidsretta kollektivtilbod 
  • Bypakken skal bidra til attraktiv og berekraftig byutvikling. 

 

Sentrumsprosjekt i Ålesund

Bypakke Ålesund er eit samarbeidsprosjekt mellom Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen. Når byutvikling blei tema for arrangementet, stod sentrumsprosjekta i Ålesund på programmet. Prosjektleiar for kollektivknutepunktet, Torbjørn Vatnehol frå Møre og Romsdal fylkeskommune, ga difor dei frammøtte informasjon om byggeperioden for prosjektet som startar i juni. Prosjektleiar Olav Megrund frå Statens vegvesen viste fram planane for Keiser Wilhelms gate frå Hotell Waterfront til Posthuskrysset. Jøran Mentzoni prata om samarbeid og medverknad i prosessen for å få realisert eit sentrumsprosjekt som kollektivknutepunktet. 

Gode byrom 

Ragnhild Momrak frå Dronninga Landskap deltok under arrangementet og la frem sine velkjente og gode illustrasjonar frå dei komande prosjekta i Ålesund sentrum, deriblant kollektivknutepunktet i sentrum. Ho hadde mange lovord om Ålesund, men at byen hadde noko å gå på når det gjeld byrom. Ho meinte likevel at Ålesund kom til å få ei stor oppgradering etter prosjekta i Bypakke Ålesund står ferdig. Momrak la fram mange illustrasjonar frå Ålesund sentrum og dei framtidige endringane. Ho viste blant anna til Skien som eit eksempel på ei by som har fått mange flotte byrom etter endringane i byen. 

Det blei også vist fram ein spennande visualisering av Sørsida i Ålesund sentrum av Josefine K. Blixencrone frå Augment City. Her får ein virkelig sjå kor god oversikt dei har over byen vår og ein innsikt i arbeidet dei gjer for byplanlegging. 

Innhaldsrikt arrangement 

Kommunikasjonssjef i Ålesund kommune, Christine Rørvik, la fram kommunikasjonen rundt bompengeoppstart i Ålesund. Her snakka ho blant anna om kommunikasjonsstrategi, prioriteringar, tiltak, korleis prosessen gjekk og vegen framover. 

FRAM var også til stades og Inge Rønstad presenterte kollektivtilbodet i Ålesund etter Bypakke Ålesund blei satt i gang. Han la også fram planen for utvikling av busstilbodet i Ålesund byområde fram mot 2030. FRAM planlegg for å gjere busstilbodet så bra så overhodet mogleg for innbyggjarane i Ålesund. 

Dei frammøtte fekk også høyre perspektiva til nokon sentrale næringsdrivarar i byen. Anita Rogne frå Fiskertorget la fram sitt syn på prosessen og den komande byggperioda i sentrum. Inger Johanne Langeland, næringsaktør for Daaeskogen Næringsbygg, meinte blant anna at den nyopna gateterminalen på Moa har vore ein stor suksess. 

Sindre Nakken, frå Bypatrioten, AP-politikar og leiar for Gårdeiarnettverket var også oppe på scena. Bypakken er uten tvil en byutviklar, seier Nakken og refererar til The North Wests spørsmål om Bypakke Ålesund er ein festbrems eller ein byutviklar. Han delte gode erfaringar frå Gårdeiernettverket, samtidig som også hadde nokon bekymringar angående endringa av busstilbod på Hessa. 

The North West sitt arrangement blei avslutta med ein paneldebatt med sentrale politikarar i Ålesund kommune. Her hadde dei ulike syn på bilens plass i byen, men dei virka å vere einige om å ville bygge ein attraktiv og berekraftig by for innbyggjarane i Ålesund.