Innkreving av bompengar

Styringsgruppa i Bypakke Ålesund har vedtatt at oppstartsdato for bompengar blir måndag 22. august 2022. Statens vegvesen er i gang med arbeidet der bomstasjonane skal stå. I mars og april blir det gjennomført grunnarbeid og satt opp tekniske hus, og tidleg på sommaren kjem sjølve bomstasjonane.

Kart over bomstasjonar  - Klikk for stort bileteBomstasjonar 

Bypakke Ålesund vart vedtatt i kommunestyret og fylkestinget i juni 2019, og i Stortinget i mai 2021. Bompengane skal finansiere delar av Bypakke Ålesund, og det er lagt opp til ei innkrevingsperiode på inntil 15 år.

Vi anbefala alle bileigarar å skaffe seg AutoPASS-avtale for å få tilgang til rabattordningane. Det er fem selskap som tilbyr AutoPASS-avtale, og rabattordningane gjeld uavhengig av kven av desse du inngår/har avtale med. Les meir og inngå AutoPASS-avtale her

Informasjon om prisar, ratbattordningar, plassering av bomstasjonar med meir finn du her