Kollektiv i Bypakke Ålesund

Bypakken skal gi deg eit busstilbod som får deg raskare fram. Les meir om nokre av tiltaka her. 

Terje Aamodt

Prosjektleiar for dei kommunale prosjekta i Bypakke Ålesund, Jøran Mentzoni Eilertsen, seier eit framtidsretta kollektivtilbod er eit av måla for bypakken og for å få til det, så må ein  jobbe langs fleire spor.

  • Bussane må gå ofte nok (drift).
  • Bussane må gå raskt nok (infrastruktur).
  • Det må vere enkelt å lett å bruke bussane (kommunikasjon).

Jøran Mentzoni Eilertsen seier Bypakketiltaka skal korte ned reisetida for passasjerane, gjennom ei rekke små og store tiltak slik som snarvegar, kollektivfelt, prioritering i kryss og nye haldeplassar. Samtidig jobbar Fram med utvikling av rutetilbodet, blant anne med hyppigare avgangar og enklare linjenummerering.

- Til saman vil desse grepa i bypakken gi eit stadig betre kollektivtilbod for innbyggarane, fortel Eilertsen.  

Kortast og fortast

Reisetid er viktig for at kollektivtrafikken skal kunne konkurrere mot privatbil. Difor bør bussen unngå omvegar og "tidstjuvar". Kort reisetid og direkte linjeføring gjer bussen konkurransedyktig. 

Bussreisa tar gjerne lengre tid enn bil på grunn av ventetid og gangtid til haldeplass, men ein tommelfingerregel seier at om bussen dør til dør tar 1,5 gonger tida med bil, så konkurrer bussen godt mot bil. Blir reisetida med buss det dobbelte av tida det tar med bil, så taper bussen konkurransen.

Skal vi ha kort reisetid med buss, så kan ikkje bussen få altfor mange roller eller oppgåver samtidig. Viss ei linje skal tilpassast for mange kundebehov samtidig, vil tilbodet til slutt bli lite relevant å bruke for dei fleste. 

- Skal bussen køyre innom alle, vil den til slutt bli så langsam at den ikkje blir bra for nokon, fortel Eilertsen. 

Omvegar og ringlinjer aukar reisetida for bussen. Når ein no skal legge om ruter frå ringruter til raskare pendelruter, for å få bussen raskare fram, kan det bli litt lengre å gå for nokre. Men ein planlegg slik at flest mogleg skal ha ein busstopp innan fem minutts gangavstand, noko som tilsvarer om lag 400 meter.

Slepp bussen fram

I Bypakken leitar vi etter moglegheiter til å la bussen køyre forbi køen. Slik det er no så går det ikkje fordi bussen deler plass med bilane. Vi har heller ikkje plass til ein metro eller ein superbuss i eigne trasear utan annan trafikk.

Men, no har vi kartlagt kvar flaskehalsane er, strekningar der bussen tapar mykje tid, og vi jobbar for å finne måtar å la bussen kome raskare fram. Det kan vere å bygge eit kollektivfelt på ei viktig strekning eller å gi bussen grønt lys i lyskryssa.

Nye linjekart og gratis buss

22. august 2022 fekk vi også nye linjenummer og nye rutekart. Målet er at det skal vere lett å finne sin buss og at busstilbodet skal vere enkelt og oversiktleg. 

Busstilbodet får fire stamlinjer (1-4), lokallinjer (10-14) og regionlinjer.   

Tilbodet med gratis buss gjeld frå 22. august til 22. oktober. Det er for at folk skal bli kjent med det nye tilbodet og prøve ut om dei kan skifte frå bil til buss.

Når fleire tek bussen, vert det betre plass på vegen til dei som ikkje kan ta buss.

 

Kollektivprosjekt i Bypakken

For at bussreisa di skal gå raskare, så bygger bypakken fleire prosjekt, endrar linjer og gjer det enklare for bussen å kome fram. Sjå nokre eksempel under og klikk på kvart punkt, for å få meir informasjon

Du kan også sjå meir om kollektivprosjekt i Bypakken her.