Kommunikasjonsrådgivar for Bypakke Ålesund er tilsett

Sunniva Ullavik Erstad (32 år) vart hausten 2021 tilsett som kommunikasjonsrådgivar for Bypakke Ålesund.

Portrett av kvinne - Klikk for stort bileteSunniva Ullavik Erstad

 

Sunniva har ein mastergrad i medievitskap frå Universitetet i Bergen. Ho har óg studert kreativ webdesign. Sunniva har tidlegare jobba som kommunikasjonsrådgivar i VIS og i Kystverket. Ho kjem frå ei stilling som kommunikasjonsrådgivar på NTNU.

Eit stort informasjonsbehov kring Bypakken i åra som kjem

Bypakke Ålesund  er den største samferdselsinvesteringa i Ålesund på lenge, både knytt til bompengar og til alle som blir berørte av utbyggingsprosjekta. For å lykkast med prosjekta, er god kommunikasjon til rett tid viktig. Nedbetalinga av Bypakken er fordelt på omlag 15 år og minst 24 små og store prosjekt, til ein verdi av 4 milliardar kroner.

Ein viktig del av kommunikasjonsjobben er å legge til rette for at interessentar og innbyggarar får informasjon til riktig tid om samferdsels- og utviklingsprosjekt som gjeld dei. Både Statens vegvesen, Møre og Romsdal fylke og Ålesund kommune har ansvar for å kommunisere sine prosjekt. Men kommunikasjonsrådgivaren skal samordne og sørge for at det som går ut blir einskapeleg. Stillinga ligg til Ålesund kommune, i kommunikasjons- og trykkeristaben.

- Sunniva er ein særs kompetent rådgivar som vil gje kommunikasjonen til Bypakke Ålesund eit løft i framtida. Ho er ein sterk prosjektleiar og har stor gjennomføringsevne. Vi gler oss til ho kjem på plass og skal bidra inn i arbeidet med Bypakke Ålesund, seier Christine Rørvik, kommunikasjonssjef i Ålesund kommune.

Det var 10 søkarar til stillinga. Sunniva Ullavik Erstad begynner i stillinga 18. oktober.