Illustrasjon som viser det nye kollektivknutepunktet i Ålesund sentrumDet nye kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum har vore planlagt gjennom fleire år. Møre og Romsdal fylkeskommune er byggherre for prosjektet, som er ein del av Bypakke Ålesund. Området blei regulert som ein del av sørsideplanen i 2015. På Sørsida, der mellom anna rutebilstasjonen er i dag, blir det utvikla ein ny bydel for kultur, næring, vidaregåande skole og bustader. Dette blir eit attraktivt område for byen, og viktig for byutviklinga. Kollektivknutepunktet si plassering i Keiser Wilhelmsgate og Korsegata er avgjerande for å frigi arealet ved rutebilstasjonen til vidare utvikling av Sørsida.
Byutvikling og byplanlegging er eit krevande fagfelt der alle byen sine funksjonar skal takast omsyn til og optimaliserast. I prosessen med kollektivknutepunktet har medverknad vore viktig for å kartlegge interesser, behov og moglegheiter. Medverknad frå fleire aktørar, som Vy, har vore sentral i alle fasar av prosjektet, heilt i frå tidleg planlegging.
- Mellom 2011 - 2014 gjorde det rådgivande ingeniørselskapet ViaNova trafikkanalysar som var med på å leie fram til den vedtekne reguleringsplanen for kollektivknutepunktet. Dette blei gjort i samarbeid med Ålesund kommune sine fagavdelingar, og andre aktørar.
- Området til kollektivknutepunktet, altså i Keiser Wilhelmsgate og Korsegata, blei regulert som ein del av sørsideplanen i 2015. Dette var eit politisk vedtak i Ålesund kommune. I forkant av eit reguleringsvedtak ligg det ein brei prosess for involvering av fleire aktørar og fagpersonar.
- Frå 2016 – 2017 vart kollektivknutepunktet og andre sentrumsprosjekt planlagt i samarbeid med Statens vegvesen, Ålesund kommune, FRAM og bussoperatørane. Ein nytta veg- og kollektivplanleggarar frå Statens vegvesen i dette arbeidet.
- Vidare vart det gjennomført eit forprosjekt, leia av Ålesund kommune, frå 2021 – 2022. Då samarbeida Structur Oslo, eit rådgivande ingeniørselskap innan samferdselsplanlegging, med landskapsarkitektane Dronninga Landskap. I tillegg bidrog Strategisk Ruteplan med rådgiving for ruteplanlegging og vurdering av knutepunktet saman med Via Nova som gjorde trafikkanalysar. Her var det tett samarbeid med FRAM og Vy.
- I 2023 utarbeida ingeniørselskapet Rambøll ein byggeplan for prosjektet som no er realisert og snart ferdig bygd.
Vi registrerer at ikkje alle som køyrer buss er positive til endringa. Å planlegge ei ny gate i sentrum er komplisert. Det er mange faktorar som må vurderast, som trafikkavvikling for både buss og bil, og trafikktryggleik. Det er mange omsyn å ta, også dei som ikkje er synlege for folk flest, som kurvatur og helling. I arbeidet med kollektivknutepunktet har fleire erfarne konsulentfirma og fagpersonar vore involvert i prosjektet gjennom fleire år. Dei har vurdert kollektivknutepunktet som godt og velfungerande. Frå eit fagleg perspektiv har det aldri vore tvil om dette.
Vy har hatt medverknad, og gitt gode innspel som har blitt vurdert. Til dømes blir det sett inn lysregulering i Rådstugata på bakgrunn av deira tilbakemelding. Når det gjeld oppstillingsfelt i Keiser Wilhelmsgate, er desse plassert på ein slik måte at bussar kan køyre forbi kvarandre om det skulle vere naudsynt. Køyrebredden er også auka etter innspel. Dette blei avklart i medverknadsprosessen for meir enn eitt år sidan.
Kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum er viktig for at bussen skal vere eit godt alternativ til bil. Vi registrerer at ikkje alle er einige i at bussane skal gå gjennom sentrumsgatene, men traséen er viktig fordi haldeplassane må vere i nærleiken av der folk oppheld seg. I tillegg har vi sørga for at heile området blir trivelegare, med oppvarma fortau, planter og universell utforming.
I desember tek bussane i bruk det nye kollektivknutepunktet. No håper vi at bussjåførar, passasjerar og andre innbyggarar gir oss ein sjanse til å teste løysinga. Vi er stolt av prosjektet, svingradius er testa og lysregulering er sett opp. Vi har stor tru på at knutepunktet vil fungere godt, og bidra til at det blir lettare å ta buss.
Kronikk av sekretariatet i Bypakke Ålesund:
Erlend Aune, Møre og Romsdal fylkeskommune
Kjetil Sporsem, Statens vegvesen
Daniel Rönnqvist, Ålesund kommune.