Kva skal vi bygge i 2022?

Bypakke Ålesund er endeleg i gong for fullt. Våren 2022 startar vi med å bygge dei første prosjekta, og framover vil det bli synleg arbeid blant anna på Lerstad, på Moa, på Hessa og i sentrum. 

Tore Johan Øvstebø, Eva Vinje Aurdal, Tove Lise Torve og Ove Nesje (frå venstre) står på linje og held i spadene som vart brukt til første spadetak.  - Klikk for stort bileteTore Johan Øvstebø, Eva Vinje Aurdal, Tove Lise Torve og Ove Nesje (frå venstre) deltok i det første spadetaket på E136 Breivika-Lerstad. No kan dei glede seg over at bygginga nærma seg på fleire andre prosjekt i Bypakke Ålesund.

     

 

Gjennom året skal vi bygge på alt frå mindre strakstiltak som nye fortau og ombygging av kryss til større prosjekt som E136 Breivika-Lerstad. Ein fellesnemnar for alle prosjekta i Bypakke Ålesund at dei gjer det tryggare, enklare og meir effektivt å bevege seg rundt – både for mjuke trafikantar og dei som køyrer.

I løpet av 2022 skal vi bruke totalt 280 millionar på å planlegge og bygge prosjekt. 

- Eg er glad for at vi endeleg er komen i gang! Det har gått ti år frå prinsippvedtaket om bypakken vart fatta i bystyret. I åra som kjem vil mange viktige og spennande samferdselsprosjekt komme på plass i Ålesund. Det vil skje store endringar blant anna i sentrum, på campus, ved sjukehuset, på Moa, på Ellingsøya, på Hessa, på Blindheim og på Lerstad. Mange av desse prosjekta har vore under planlegging i årevis, og kunne aldri blitt realisert utan Bypakke Ålesund, seier Tore Johan Øvstebø, leiar for styringsgruppa i Bypakke Ålesund.

Tryggare langs vegen

I løpet av dei neste månadane starta vi med ei rekke trafikksikrings- og sykkeltiltak. Fleire av prosjekta som er prioritert ligg langs skolevegar, og er dermed spesielt viktige for barna. Trafikksikrings- og sykkeltiltaka er ikkje ferdig planlagt, men slike tiltak kan til dømes vere å flytte eller etablere nye gangfelt og fortau, betre belysning og oppstramming av kryss. Totalt sett skal desse tiltaka gjer det enklare og tryggare å gå og sykle mange stadar i kommunen.

Vi skal i første omgang bygge trafikksikrings- og sykkeltiltak langs Lerstadbakken, i krysset ved Øvre Skytterholmen og Tørlevegen, langs Alvikvegen og Brusdalsvegen, i Blindheimsbreivika vest for Shell Vegsund og ved krysset Borgundvegen/Grønvika på Gåseid.

Meir effektivt å ta bussen

Eit av måla til Bypakke Ålesund er å bidra til å utvikle eit framtidsretta kollektivtilbod. I 2022 skal vi bygge to kollektivtiltak som vil redusere reisetida.

På Slinningsodden skal vi bygge ein snuplass for buss med tilhøyrande haldeplass. Når snuplassen er ferdig vil bussane ha endestasjon der, og køyre tilbake same veg (Hessavegen). Det betyr at det blir slutt på ringdrifta av bussen, som blant anna har ført til at bussen har brukt meir enn dobbelt så lang tid som ein privatbil mellom Hessa og bysentrum. Dei som bur langs Kaptein Linges veg vil måtte gå litt lenger for å finne bussen, men dei fleste som bur eller jobbar på Hessa vil få eit betre busstilbod.

Fram jobbar også med fleire kollektivtiltak som også skal tre i kraft i løpet av hausten. Desse tiltaka skal gjer det enklare og meir effektiv å bruke bussen.  

Store endringar på Lerstad

Rett før påske inviterte Statens vegvesen og Bypakke Ålesund til markering av første spadetak på storprosjektet E136 Breivika-Lerstad. Det er eit forberedande arbeid som er i gong, og vi skal blant anna rydde skog og legge om rør og leidningar. Totalentreprisen på resten av prosjektet er forventa sendt ut på anbud mot slutten av 2022, med oppstart i 2023.

Når den tre kilometer lange tunnelen står ferdig i 2026 vil det gi eit stort løft for bydelen Lerstad. Gjennomgangstrafikken blir flytta vekk frå nærmiljøet, og det blir både mindre støy og tryggare å bevege seg i området. Staten vegvesen skal også bygge fire kilometer samanhengande gang- og sykkelveg mellom Moa og Lerstad.

Statens vegvesen er også i gang med arbeidet der bomstasjonane skal stå. I mars og april blir det gjennomført grunnarbeid og satt opp tekniske hus, og tidleg på sommaren kjem sjølve bomstasjonane. Innkrevjinga startar måndag 22. august 2022.

Følg oss gjerne på Facebook for små og store oppdateringar om prosjekta våre

Du kan lese meir om prosjekta i Bypakke Ålesund her