Vasto Anlegg AS var svært nøgd med å få ansvaret for eit nytt prosjekt i Bypakke Ålesund. Dei var også entreprenør for dei nye gatestoppa på Moa. Frå venstre: Sindre Witsø (prosjektleiar i Vasto Anlegg AS), Stein-Ove Riksheim (dagleg leiar i Vasto Anlegg AS), Ove Nesje (prosjektdirektør i Statens vegvesen) og Ole Kristian Birkeland (prosjektleiar i Bypakke Ålesund).
Ålesund kommune
Eg er veldig nøgd med konkurransen. Vi fekk inn fem tilbod og alle var lokale, seier Ole Kristian Birkeland, prosjektleiar i Bypakke Ålesund.
Vasto Anlegg AS leverte det rimeligaste tilbodet. Kontraktsummen er på 31,8 millioner kroner eks. MVA.
Vi er veldig stolt og nøgd med å vinne ein kontrakt for dette prosjektet i Bypakke Ålesund. No gleder vi oss til å fortsette å bygge på det gode samarbeidet vi har hatt med Statens Vegvesen, seier Stein-Ove Riksheim, daglig leiar i Vasto Anlegg AS.
Vasto Anlegg AS planlegg å starte opp arbeidet i månadsskiftet mai-juni, og første del av prosjektet skal vere ferdig 20. desember 2023. Då vil tilkomsten til sykehuset gjenstå, og dette vil bli utført samtidig med flytting av inngangen til sykehuset.
Illustrasjonen viser dei nye busslommane sett mot nordaust. Busstoppet Sykehuslomma visast til høgre i biletet. Denne blir stengd i byggefasen, men busslomma ved sjukehuset blir open. Illustrasjonen viser også det nye krysset til byggefeltet på nordsida, og korleis sykkelfelt ledast gjennom kollektivpunktet. I tidlegare skisser var sykkelfelt vist i vegbanen forbi busslommene, men etter innspel frå sykkelentusiastar er dei no lagt bak busslommane. Adkomst mot sjukehuset er ikkje vist i illustrasjonen, men adkomsten blir overbygd og universelt utforma.
Statens vegvesen
Kortar ned reisetida mellom sentrum og Moa
Prosjektet er ein del av kollektivsatsinga i Bypakke Ålesund og skal bidra til å korte ned reisetida mellom sentrum og Moa. Heile krysset skal byggast om, og bussane skal stoppe i busslommer langs Borgundvegen i staden for å køyre ned til sjukehuset. Den nye adkomsten frå busshaldeplassen og ned til sjukehuset vil bli gjennom parkeringshuset som helseforetaket skal bygge. Den blir naturlegvis universelt utformet med heis og trapper.
Det nye kollektivpunktet ved sjukehuset er eit lite vegprosjekt som gir god effekt. Vi ser fram til å komme i gang, seier Ole Kristian Birkeland, prosjektleiar i Bypakke Ålesund.
Dette skal gjerast i krysset
- Nye busslommer på kvar side av vegen, med leskur som liknar dei nye på Moa.
- Kun ei lysregulering i krysset.
- Fotgjengarovergang kun eit stad, ved dagens hovedkryss/vegen ned til sjukehuset.
- Atkomst til sjukehusområdet via parkeringshus på sørsida av vegen, med heis og trappeløp.
- Fortau også på nordsida av vegen, frå busstoppet og mot Moa.
- Sykkelfelt, gjennom krysset, sykkelfeltet går bak busslommane.
Inviterar naboar til informasjonsmøte
Før oppstart vil Statens vegvesen og Vasto Anlegg invitere naboar til anleggsområdet til informasjonsmøte. Tema for møtet vil vere overordna informasjon om prosjektet, og korleis naboar og andre blir berørt i anleggsperioda.
Følg oss gjerne på Facebook for fleire nyheiter om Bypakke Ålesund