Lyser ut konkurranse om bygging av Lerstadtunnelen

Statens vegvesen lyser ut konkurranse om bygging av ny E136 mellom Breivika og Lerstad i Ålesund kommune.

Oversiktsbilde av ny Breivika-Lerstad-veg og tunnel - Klikk for stort bileteIllustrasjon på korleis det store prosjektet skal sjå ut. Konkurranse om bygging av E136 Breivika-Lerstad er no sendt ut. Dette blir den største kontrakta i Bypakke Ålesund. RedAnt / Statens vegvesen

Det største og mest omfattande tiltaket i Bypakke Ålesund

Den nye vegen vil i hovudsak gå i ein tunnel på 2,6 kilometer, og vil avlaste dagens Lerstadveg og E136 gjennom bydelane Moa og Åse. Det blir nytt toplanskryss i vest, og gang- og sykkelveg på heile strekninga.

Ny innfartsveg til Ålesund gjennom Lerstad har vore planlagt i over 40 år, og er det største og mest omfattande tiltaket i Bypakke Ålesund. Nå lyser vi ut, og ser fram til dialogen med markedet, seier Ole Kristian Birkeland, prosjektleiar i Statens vegvesen.  

Når tunnelen står ferdig, vil det gje eit stort løft for bydelen. Gjennomgangstrafikken blir flytta vekk frå nærmiljøet, og ny gang- og sykkelveg gjer det tryggare å bevege seg i området.

Anskaffelse med forhandling 

Arbeidet lysast ut som ei utføringsentreprise, og prosessen blir gjennomført som anskaffelse med prekvalifisering og forhandling.

Påmeldingsfristen for entreprenørane er 20 juni. Forhandlingar vil pågå utover hausten, med mål om å signere kontrakt i desember. 

2,6 kilometer toløps-tunnel med dagsone i begge endar

Kontrakta omfattar blant anna: 

  • 2600 meter tunnel med to felt i kvart løp.
  • Nytt to-planskryss på Lerstad med planfritt kryss, på- og avkøyringsramper og rundkjøring til lokalvegsystemet.
  • Dagsone i Breivika med ny E136 fra rundkjøring til tunnel, filterfelt.

På Lerstad-siden av tunnelen er forberedande arbeid ferdig. I Breivika er arbeidet godt i gang, og skal vere ferdig til hausten. Påhuggane på begge sider vil vere klar ved oppstart av entreprisen som no lysast ut.

Bilete av eit kart som viser kvar den nye Lerstadtunnelen skal gå.  - Klikk for stort bileteHer skal tunnelen gå. Statens vegvesen

Følg oss gjerne på Facebook for fleire nyheiter om Bypakke Ålesund

Kontakt oss

Ole Kristian Birkeland
Prosjektleiar Bypakke Ålesund, Statens vegvesen
E-post
Mobil 90 96 87 12