Månadstak gjeld for ein kalendermånad

I samband med at det er ein månad sidan oppstart av Bypakke Ålesund kjem det spørsmål om månadstak. Husk at dette gjeld for ein kalendermånad! 

I praksis betyr det at berre nokre få oppnådde taket på 60 passeringar i august, men langt fleire vil nå taket i september og dermed oppnå mange gratispasseringer mot siste del av månaden.

Dette er likt uansett kva brikkeselskap du har valt. Sjølv om faktureringsperioden kan vere forskjellig frå brikkeselskap til brikkeselskap, så er det felles for alle at dei reknar månedstak per kalendermåned.

Det er det enkelte selskap som bestemmer korleis faktureringa skjer og fakturaen kan gjelde periode eller størrelse på krav. Dei har likevel kontroll på månadstaket.  Lurer du på kor mange passeringar eller gratispasseringar du har, så kan du gå på MinSide hos selskapet der du har AutoPASS-avtale.

Vanlegvis kjem info om passeringar på MinSide dagen etter du køyrde gjennom bomstasjonen når du har brikke. Dersom passeringa er knytt til bilde, tek det lenger tid.