Dei blei kake til alle som gjekk forbi under opninga av Korsegata og Posthuskrysset denne veka.Korsegata har vore stengt sidan juni, og har no fått på plass gode fortau, brustein, sykkelstativ og nye tre. På opninga passa Torbjørn Vatnehol på å takke entreprenøren for bra arbeid, og for å ha gjennomført dette viktige delmålet i prosjektet til avtalt tid. Han er prosjektsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Heile kollektivknutepunktet blir ferdig i oktober, og Aco anlegg har god framdrift og sørger for tett dialog med naboar til prosjektet, saman med oss, sa Vatnehol.
- Vi vil vidare takke trafikantane for tolmodet, og næringsdrivande og andre naboar for god dialog.
Gode tilbakemeldingar for Korsegata
Erlend Aune er prosjektleiar for kollektivknutepunktet, og oppfordra folk til å sjå rundt seg og sette pris på kor fin gata var blitt.
- Vi er glade for dei gode tilbakemeldingane vi har fått for Korsegata, og fortset arbeidet innover i Keiser Wilhelms gate, sa han.
Som ein del av prosjektet har Korsegata fått haldeplassar for langdistansebussar, men det blir ingen endringar i rutetidene eller haldeplassar no. Bussane skal ikkje køyre i Korsegata før heile kollektivknutepunktet står ferdig til hausten.
Siste fase i arbeidet
Arbeidet med kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum er inndelt i fasar slik at det ikkje er byggearbeid i alle områda samtidig. Opninga av Korsegata og Posthuskrysset markerte fullført fase to, og prosjektet er no inne i tredje og siste fase av byggeperioden i sentrumsgatene.
Denne veka var det markering av opninga av Korsegata og Posthuskrysset.
Sunniva Ullavik Erstad
Brustein, nye tre og gode fortau i Korsegata.
Mariann Ervik