Midlertidig endring av busslinje 2 og 12

Frå måndag 9. oktober og i om lag 4 veker vil busslinjene 2 og 12 i Ålesund gå frå hovudterminalen og ikkje frå gatestoppa Moa.

Busslinje 2 og 12 vil gå frå hovudterminalen og ikkje frå dei nye gatestoppa på Moa dei neste vekene. Ålesund kommune

Fram la ut denne informasjon om førre veke. Siden mange har hatt haustferie, kjem vi difor med ei påminning om den midlertidige endringa. 

Årsaka er at det pågår vegarbeid i Moavegen i forbindelse med vårt prosjekt Breivika-Lerstad. Vegarbeidet fører difor til omkøyring for bussane. 

Ingen bussar kan køyre Moavegen i denne perioden. Det betyr at busshaldeplassane i Moavegen ikkje vil vere betent så lenge arbeidet held på. 

Alternative haldeplassar er Rabbevågskiftet (begge retningar) og Tessbygget (berre i retning Moa).