Ny gateterminal på Moa

Den nye gateterminalen på Moa er no teken i bruk. Måndag 27. februar var det offisiell opning, og passasjerane fann vegen til dei nye haldeplassane langs Borgundvegen. 

Tre personar i busskur ved kake - Klikk for stort bileteOpning av gateterminal på Moa Øyvind Gangstad

-    Bussane som skal til ein del indre bydelar får ei meir effektiv passering forbi Moa, seier rådgivar i FRAM, Inge Rønstad.
-    Å kutte reisetida med buss er eit viktig tiltak for å få fleire til å bruke kollektiv transport.

Eit løft for kollektivtrafikken

Busslinje 1, 2, 12 og 21 har no stoppestad i Borgundvegen på Moa. Dei køyrer ikkje innom sjølve terminalområdet. Namna på haldeplassane er Gatestopp Moa syd og Gatestopp Moa nord. Rønstad meiner det er gledeleg å få løfte kollektivtrafikken i Ålesund på denne måten.

-    Prosjektet på Moa er med i Bypakke Ålesund, og er eitt av fleire punkt langs vegen kor vi jobbar med løysingar for å korte reisetida for bussen, seier han.

Det var Tore Johan Øvstebø, leiar i Bypakke Ålesund som stod for snorklippinga på opningsdagen. Her understreka han viktigheita av rask buss som del av eit velfungerande kollektivtilbod. 

-    Eitt minutt her og eitt minutt der har mykje å seie når ein skal til og fra jobb, og bussen skal konkurrere med privatbilen, sa Øvstebø i opningstalen. 

Tore Johan Øvstebø fikk gleden av å få opne dei nye gatestoppa på Moa - Klikk for stort bileteTore Johan Øvstebø fikk gleden av å opne dei nye gatestoppa på Moa Øyvind Gangstad

Finaste busshaldeplassen i fylket

Han ga vidare honnør til FRAM og fylkeskommunen som har satsa på kollektivtilbodet. Dei nye busslommene er det Statens vegvesen som har vore prosjektleiar for, og Øvstebø meinte dette måtte vere det finaste busstoppet i heile fylket. Området er nemleg komplett med mobilladar og sykkelparkering i tillegg til rikeleg med sitjeplassar. 

Alle busslinjer utanom 1, 2, 12 og 21 går framleis frå det store terminalområdet. 

Les meir om prosjekta i Bypakke Ålesund her 

Følg oss gjerne på Facebook for fleire oppdateringar