Ny teknologi slepp bussen fram

Frå februar 2022 fekk FRAM-bussane automatisk grønt lys i fleire av lyskryssa i Ålesund. Mindre ventetid gjer at det blir lettare å halde ruta og kan på sikt gjere at bussen kjem fortare fram.

En buss får grønt lys i Posthuskrysset.  - Klikk for stort bilete

Prioritering av kollektivtrafikken i lyskryss er eitt av dei første tiltaka som blir realisert i Bypakke Ålesund. Fem lyskryss har fått installert teknologien, som ved hjelp av GPS kjenner igjen bussane og gir dei grønt lys:

  • Hellebrua
  • Posthuskrysset/rutebilstasjonen
  • Blixvalen (meieriet)
  • Hatlasvingen ved Hatlane skole
  • Sjukehuset

- Bypakke Ålesund er meir enn utbyggingsprosjekt. Prioritering av bussar i trafikken er eit enkelt og rimeleg tiltak som gjer at dei som reiser kollektivt kjem raskare fram, spesielt i periodar på dagen med mykje trafikk, seier prosjektleiar Torbjørn Vatnehol i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Møre og Romsdal fylkeskommune, Statens vegvesen og Ålesund kommune har i fellesskap utforma ei plan for utviklinga av busstilbodet i Ålesund fram mot 2030. Planen ligg til grunn for arbeidet med Bypakke Ålesund, og målet er at fleire skal reise kollektivt, framføringstida skal bli kortare og bussen skal ha kortare reisetid samanlikna med bil.

Kontaktperson i Møre og Romsdal fylkeskommune: Prosjektleiar Torbjørn Vatnehol, telefon 977 14 119