Nye gangvegar opna ved sjukehuskrysset

Arbeidet med det nye kollektivknutepunktet ved sjukehuset går framover. Førre veke opna det nye fortauet langs det nye busstoppet, og før sommarferien skal det meste av arbeidet vere ferdig.  

Dronebilder som viser kollektivknutepunktet, dei nye fortaua og sjukehuset.  - Klikk for stort bilete

Førre veke var det asfaltering av fortau og sykkelfelt, og langs busslomma er fortauet no tatt i bruk. Framover skal vi sette ned planter og trær, og snart kjem leskur og benker ved kollektivknutepunktet. 

Dei grøne strekane viser gangvegane som har opna.

Busslommene ved sjukehuset vil bli opna før sommarferien, men dei fleste busser vil framleis gå ned til sjukehuset inntil det nye parkeringshuset ved sjukehuset er ferdig. Når parkeringshuset blir ferdig og inngangen til sjukehuset er flytta til nordsida, vil det bli universelt utforma tilkomst direkte frå busslommene og ned til inngangen. 

Då vil busstoppet nede ved sjukehuset bli stengt, og bussane vil spare mange minutt på å sleppe å køyre omveg ned dit. Inntil vidare må du følgje med hos busselskapet for å få riktig informasjon om kvar bussen din stoppar.

Etter sommarferien fortset arbeidet i begge ender, i tett samarbeid med kommunen som skal legge ned nye vann- og avløpsrøyr på strekninga.  

Når prosjektet er ferdig blir det samanhengande sykkelfelt i begge køyreretningar frå Moa (ved Vindgårdsskiftet) til like før Hatlaåstunnelen (krysset ved Østre Hatlaåsvegen).