Nytt kollektivknutepunkt i sentrum

I Ålesund sentrum skal dagens plasskrevjande bussterminal erstattast med ei triveleg gate som bidreg til eit meir effektivt buss-system i byen.

Kollektivknutepunkt sentrum, Posthuskrysset  

Heile området frå Korsegata via Posthuskrysset til Keiser Wilhelsgate  i retning Pir skal få ei kraftig opprusting. Dette området skal erstatte den noverande bussterminal som skal rivast for å gi plass til utbygginga av Sørsida.

Torbjørn VatneholTorbjørn Vatnehol i Møre og Romsdal fylkeskommune er prosjektleiar for arbeidet, og seier at ein i staden for ein stor terminal der bussane står parkerte og ventar på ny avgang, skal få effektiv av- og påstigning for bussane i gata slik det er vanleg i andre byar. Ventetida blir  då i staden i endane på ruta.

Dette blir ein del av eit meir effektivt buss-system for heile byen, i tillegg til at beplanting og breie, fine fortau vil gjere det til ei meir triveleg gate der det er betre å opphalde seg enn slik det er i dag.

Smidig og effektiv byggefase

Arbeidet skal ut på anbod seinare i haust, og framover skal detaljerte planar for bygginga ferdigstillast.

Vatnehol seier det er krevjande å bygge i bysentrum og mykje ein må ta omsyn til, både trafikkavvikling, eksisterande leidningsnett og koordinering opp mot andre byggeprosjekt.

Det blir lagt opp til god informasjon før arbeidet startar, og mellom anna vert næringsdrivande i gatene inviterte til eit informasjonsmøte om byggeprosessen seinare i haust. Som alltid når det er utbyggingar, vil det vere ein fase der det er verre før det blir betre, men vi ønsker ein så smidig byggefase som mogleg. Det vil vere fleire mindre «delprosjekt» i prosjektet, slik at vi kan jobbe effektivt og ikkje stenge av større område enn vi må om gongen.

Arbeidet er venta å starte til våren neste år og vere ferdig hausten 2024.

Ei gate for folkeliv

Vatnehol fortel at når arbeidet er ferdig, er planen at

  • bybussane skal gå frå Keiser Wilhelms gate
  • langdistansebussane og flybussane går frå Korsegata
  • delen av knutepunktet som ligg i Keiser Wilhelms gate blir stengd for gjennomgangstrafikk. Enkelte, som for eksempel dei som skal inn i parkeringshuset, får fortsatt køyre i gata. 
  • Korsegata får tovegstrafikk i tillegg til av- og påstigning for buss.
  • Posthuskrysset blir  bygd om og tilpassa framtidig løysing der Statens vegvesen i eit seinare prosjekt skal bygge om Keiser Wilhelms gate vidare mot Waterfront hotell.

Og i tillegg får vi får ei gate for bussar og passasjerar som er tilrettelagt for gåande med breie, støypte fortau, tre i plantekasser og romslege venteskur Slik lagar vi ei gate som blir meir triveleg og meir lagt til rette for folk og folkeliv enn sånn det er no.

Riving av den gamle bussterminalen er ikkje ein del av kollektivknutepunktprosjektet og vil bli utført på eit seinare tidspunkt. 

  

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete