Nytt stopp gir raskare rute

Den nye haldeplassen på Slinningsodden og omlegging av bussruta kuttar reisetida til sentrum med ein tredel på enkelte avgangar. 

Slinningsodden - Klikk for stort bileteArbeidet på Slinningsodden i gang Jan M. Myrstad

Eit av prosjekta i Bypakke Ålesund er ny snuplass og haldeplass for buss på Slinningen om omlegging av ruta til Hessa.

ACO Anlegg AS var i september 2022 alt i gang i gang med arbeidet som skal vere ferdig ein gong før jul. Då vil bussane ha endestasjon ved Slinningsodden og køyre same veg, Hessavegen, tilbake.

Prosjektleiar for dei kommunale prosjekta i Bypakke Ålesund, Jøran Mentzoni Eilertsen, seier det betyr at det blir slutt på ringdrifta av bussen og det betyr også at det blir slutt på at bussen står opp til ni minutt ved Skarbøvik ungdomsskule og ventar med passasjerar om bord.

Dermed blir det opp til ni minutt kortare køyretur inn til sentrum og vi kuttar reisetida med rundt ein tredel.

Under 400 meter til busstopp

I tillegg til den nye snu- og haldeplassen vert det også overgang frå ringlinje til pendellinje på Hessa. For nokre vil det bety litt lenger gangavstand til busstoppet, men dei aller, aller fleste vil likevel ha under 400 meter eller mindre enn ein fem minutts gåtur til busstoppet. Dette er også kortare enn det som er vanleg tommelfingerregel i byar.

Og bonusen er at det går raskare å kome seg til sentrum – for alle. Dersom bussen skal innom alle, så går den til slutt så seint at ingen vil ta bussen.

 

 Bildetekst: Kvar sirkel viser 400 meter avstand frå haldeplassane. Det tilsvarer om lag fem min å gå

Etter opninga av Slinningen snuplass skal det fortsatt gå buss kvart kvarter frå Hessa og vere 64 avgangar i døgnet.

Sørsida av Hessa kjem seinare

Slinningen snuplass er ein del av Bypakke Ålesund som skal vere med å gjere det enklare, grønare og tryggare for folk å kome seg fram – også etter kvart som byen veks og får endå fleire innbyggarar.

Andre del av prosjektet er ein ny veg på sørsida av Hessa. Hessafjordvegen skal bli utbetra og forlenga, og skal gå heilt til snuplassen på Slinningsodden. Denne vegen får full breidde, fortau og nye busshaldeplassar, og sikrar trygg ferdsel for dei gåande og betre framkome for bussen. Planlagt oppstart for dette arbeidet er i 2026.

  

Jøran Mentzoni Eilertsen og Jan M. Myrstad

 

Slinningsodden - Klikk for stort bilete
Slinningsodden - Klikk for stort bilete
Slinningsodden - Klikk for stort bilete