Omkøyring for Martin Døvings veg, Haurkarvegen og Lauramarka

Førstkomande mandag blir krysset i Martin Døvings veg stengt grunna sprenging i kryssområdet. 

I uke 45 blir det omkøyring for Martin Døvings veg, Haurkarvegen og Lauramarka. Illustrasjon av Statens vegvesen

I løpet av mandag blir krysset til Martin Døvings veg endra. Det skal sprengast i kryssområdet, og då blir det ikkje lengre mogleg å køyre inn i dette krysset.  For dei som skal svinge inn i dette krysset, vil innkøyringa bli like vest for dagens påkjøring. Det vil då bli påbudt å svinge vestover. For å unngå bomring mot Moa, må det køyrast via Borgundfjordvegen. Det blir ingen endring for dei gående. 

For å unngå å stenge vegen, legg vi heller opp til ei omkøyring frå mandag 6. november til og med søndag 12. nov. 

Nytt kollektivpunkt ved Ålesund sjukehus

Det skal etablerast eit nytt kollektivpunkt ved Ålesund sjukehus. Prosjektet skal bidra til å korte reisetida mellom sentrum og Moa, og bussane skal ikkje lenger køyre ned til sjukehuset. 

Entreprenør for prosjektet er Vasto Anlegg AS og byggherre er Statens vegvesen. 

Første del av prosjektet skal stå ferdig i løpet av 2023. Vi ser fram til å ferdigstille dette prosjektet og styrke kollektivtilbodet ytterlegare, men også legge meir til rette for mjuke trafikantar. 

Status i prosjektet i september

Bilete av vegen der det nye kollektivknutepunktet skal stå. Anleggarbeid. - Klikk for stort bileteSnart står det nye kollektivpunktet ved Ålesund sjukehus klart. Biletet er tatt i september. Statens vegvesen

Kontakt oss

Ole Kristian Birkeland
Prosjektleiar Bypakke Ålesund, Statens vegvesen
E-post
Mobil 90 96 87 12