Omlegging av Moavegen

Tysdag den 10. januar kl. 12.00 legg Statens vegvesen om Moavegen for å få plass til byggearbeida for Lerstadtunellen. Moavegen blir då lagt om til området bak Spjelkavik kyrkje og kobla på Vestmoa ved Herdhuset. 

Rundkjøyring - Klikk for stort bileteRundkjøyringa på Moa Torgeir Emblem

Årsaka for omlegginga er arbeidet med E13 Breivika-Lerstad. Dette vil seie at bussen som vanlegvis køyrer gjennom Moavegen, vil ta ei alternativ køyrerute gjennom Vestmoa. Endringa vil slå i kraft tysdag 10. januar kl. 12.00. Den alternative køyreruta vil bli lagt om til området bak Spjelkavik kyrkje og inn på vegen ved Herdhuset. Vegen vil være stengt for all trafikk til arbeida på Lerstadtunnelen er ferdig. 

Kart over Moavegen - Klikk for stort bileteDen stengte delen av Moavegen er markert på biletet med røde strekar. Omlegginga til Vestmoa er vist med gule strekar. Statens vegvesen

Breivika-Lerstad 

E136 Breivika-Lerstad er det største og mest omfattande tiltaket i Bypakke Ålesund og arbeidet er godt i gang. Statens vegvesen skal bygge ny firefelts innfartsveg til Ålesund på strekninga Breivika-Lerstad. Den nye vegen vil i hovudsak gå i tunell med to vegløp. Når den tre kilometer lange tunnelen står ferdig i 2026 vil det gi eit stort løft for bydelen Lerstad.  

Ny veg mellom Breivika og Lerstad skal bidra til å fremje miljøvennleg transport ved å frigjere vegkapasitet til buss. Prosjektet skal gi betre framkomst, redusere reisetid og betre trafikktryggleik.  

Byggherre: Statens vegvesen, Utbyggingsområde midt 

Kontakt oss

Ole Kristian Birkeland
Prosjektleiar Bypakke Ålesund (Lerstadvegen), Statens vegvesen
E-post