På sykkelen i Ålesund

Det er mange i Ålesund som hiv seg på sykkelen til jobb og på fritida. Vi har snakka med nokon syklistar i Ålesund som bruker sykkelen stort sett kvar veke.  

Solveig (t.v) og Linda (t.h) syklar stort sett kvar veke i Ålesund. No gir dei innsikt i korleis det er å sykle i byen og kvifor dei veljer sykkelen til og frå jobb. Privat

Bypakke Ålesund er både ferdige og har satt i gang fleire prosjekt innanfor kollektiv og trygg skuleveg. I tida framover vil Bypakke Ålesund sette i gang fleire prosjekt som skal forbetre sykkelvegnettet i Ålesund. 

Lokale syklistar 

For å få fleire til å velje sykkelen i kvardagen, er det viktig å få innblikk i korleis innbyggarane i byen vår opplever det. Difor har vi tatt ein prat med nokon syklistar i byen. Solveig Ullaland (37) og Linda Flem (64) bruker sykkelen til og frå jobb i Ålesund. Solveig jobbar på Ålesund sjukehus, bur på Klipra og har endra reisevanane sine det siste året. Linda er dagleg leiar i DNT Sunnmøre, bur på Lerstad og har sykla i mange år. No gir dei oss eit lite innblikk i korleis det er å sykle i Ålesund, i kvar si retning av byen. 

– Kva distanse syklar du?


Solveig: - Eg syklar omlag 16 km tur/retur 3 gongar i veka. Då syklar eg mest på våren, sommaren og hausten. 


Linda: - Eg syklar frå Lerstad til sentrum tre til fire gongar i veka. Det er om lag 20 km tur/retur. 


-Kor lenge har du sykla til og frå jobb?


Solveig: - No har eg sykla i rundt eitt år. 


Linda: - Eg har jobba i sentrum i 25 år og har alltid sykla, men ikkje kvar dag. Det blir mindre sykkel når det er glatt om vinteren. Det fristar ikkje å køyre ned Lerstadbakken på glatta, sjølv med piggdekk. 


-Har innføringa av bompengar gjort at du oftare vel sykkelen?  


Solveig: - Bompengar og auka parkeringsavgift på jobb var nok ei av motivasjonsfaktorane til å velje sykkelen. 


Linda: - Bompengar har ikkje spelt noko rolle for min del. Mannen min køyrer til byen på jobb. Eg tar gjerne buss om verken sykkel eller bilen er aktuell. 


– Kva er det positive og negative med å sykle?  


Solveig: - Det mest positive er at ein får frisk luft, bevegelse og god eigentid. Det negative er at sykkelvegnettet kan bli betre og at ein ofte må sykle i motvind. 


Linda: - Det positive er frisk luft og trim. Ein fin start på dagen. Det negative er utfordringane med den totale tilrettelegginga for syklistane. Det blir litt for ofte av og på sykkelen, sidan det blir ein del kryssing av vegar. 
Fortauet kan vere også vere noko utfordrande, og det kan bli mykje betre med ein meir samanhengande sykkelveg som er meir tilrettelagt og trygg. Då blir det enklare å velje ein fast veg å sykle.


-Har du generelle tips og råd til dei som vurderer å nytte sykkelen til jobb?  


Solveig: - Om ein får ein innarbeida vane å nytte sykkelen til jobb, har det ein god effekt på helsa, miljøet og lommeboka. Å sykle 1-2 dagar i veka er betre enn å la sykkelen stå urørt heile veka. Bruk hjelm. 


Linda: - Rådet er nok berre å begynne. Lista er nok litt høg for å kome i gang. Det kan vere at mange synes at det blir mykje planlegging med påkledning for både sykkelturen og jobb. Dette blir rutine etter kvart.  Det positive er at dagens trim er unnagjort, om du har ein travel kvardag eller vil bruke kvelden på noko anna. Sykkel og klede treng ikkje å koste "skjorta". Det held i massevis med ein helt ordinær sykkel. Dei som ønsker å kome fram raskare kan velje El-sykkel.

Sykkelprosjekt i Bypakke Ålesund

Om du vil parkere sykkelen din, finnes det mange sykkelstativ du kan bruke. Kristin Støylen

Eit av måla med Bypakke Ålesund er å få trygt og effektiv framkome for syklistar i Ålesund. Dei neste åra vil det setjast i gang fleire sykkelprosjekt frå ytre til indre bydel. Vi ønsker å knytte byen saman og skape eit betre og tryggare sykkelvegnett. Om fleire skal velje sykkelen til jobb og generelt i kvardagen, skal det vere enkelt og tilrettelagt for syklistar. Det skal være enkelt og trygt å kome seg til og frå. 


Bypakke Ålesund ønsker å finne nye løysingar. For folk som sit på bussen, for dei som køyrer bil, syklar og går. Det gjer vi for at trafikken skal flyte betre, for at syklistane skal kome seg enklare fram og for å sikre dei mjuke trafikantane våre. Vi er ei kommune i utvikling. Vi må sikre at Ålesund er ein god stad å bu og opphalde seg i, også i framtida. 

Få ei oversikt over våre sykkelprosjekt i vårt kart