Slik blir det nye kollektivknutepunktet ved Ålesund sjukehus

Statens vegvesen startar arbeidet med det nye kollektivknutepunktet ved Ålesund sjukehus før sommaren. Tilkomst til sjukehuset blir via eit nytt parkeringshus.

Sjukehuskrysset sett mot Moa, med sjukehusområdet til høgre. - Klikk for stort bileteSjukehuskrysset sett mot Moa, med sjukehusområdet til høgre. Skissa viser kvar det planlagde parkeringshuset til helseforetaket skal ligge. Storleik og utforming er ikkje klart. Illustrasjon: Fredric Vidèm

Som ein del av kollektivsatsinga i Bypakke Ålesund, skal heile sjukehuskrysset på Åse byggast om. Prosjektet skal bidra til å korte ned reisetida mellom sentrum og Moa. Bussane skal ikkje lenger kjøre ned til sjukehuset, men skal stoppe i nye busslommer på Borgundvegen.

– Det nye kollektivknutepunktet ved sjukehuset er eit lite vegprosjekt som gir god effekt. Vi ser fram til å komme i gang, seier Ole Kristian Birkeland, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Adkomst via parkeringshus

Den nye adkomsten frå bussholdeplassen og ned til sjukehuset vil bli gjennom parkeringshuset som helseforetaket skal bygge. Det vil bli både trapp, heis og gangveg, som vil sikre rask, trygg og brukarvennleg adkomst direkte ned til sjukehuset.

Planlegginga har blitt gjort i tett dialog med Helse Møre og Romsdal, som vil starte bygging av parkeringshus i løpet av året.

Statens vegvesen vil starte anleggsarbeidet før sommerferien, og bygginga vil ta rundt eit års tid. Det gamle stoppet vil bli brukt fram til alt er ferdigbygd, og det nye kan tas i bruk.

Fra busstoppet kan man gå tørrskodd til den nye hovedinngang på Ålesund Sykehus. Adkomsten blir universelt utformet med blant annet heis - Klikk for stort bileteFrå busstoppet kan ein gå tørrskodd til den nye hovudinngangen på Ålesund sjukehus. Adkomsten blir universelt utforma med blant anna heis.  Illustrasjon: Fredric Vidèm Statens vegvesen skal bygge både trapp, heis og gangvegar. - Klikk for stort bileteStatens vegvesen skal bygge både trapp, heis og gangvegar. Illustrasjon: Fredric Vidèm

Kan påverke trafikkflyten 

Bilistane må vere forberedt på at det kan bli kø i delar av anleggsperioda. Men så langt det er mogleg vil det alltid vere eit kjørefelt open i kvar retning.

– Det er ikkje til å unngå at trafikkflyten i periodar kan bli påverka mens krysset byggast om, men resultatet vil bli bra. Det blir eit meir oversiktleg og trygt kryss å ferdast i, seier Birkeland.

Dette skal gjerast i krysset: 

  • Terrenget flatast opp. 
  • Nye busslommer på kvar side av vegen, med leskur som liknar på dei nye på Moa. 
  • Kun ei lysregulering i krysset.
  • Fotgjengarovergang kun ein stad, ved dagens hovudkryss/vegen ned til sjukehuset. 
  • Atkomst til sjukehusområdet via parkeringshus på sørsida av vegen, med heis og trappeløp. 
  • Fortau også på nordsida av vegen, fra busstoppet og mot Moa. 
  • Sykkelfelt med eigen lysregulering. 
Store busslommer på kvar side av vegen, busskur og nye sykkelfelt er ein del av prosjektet. Busskura vil bli større enn denne illustrasjonen viser.  - Klikk for stort bileteStore busslommer på kvar side av vegen, busskur og nye sykkelfelt er ein del av prosjektet. Busskura vil bli større enn denne illustrasjonen viser. Illustrasjon: Fredric Vidèm

Få ei oversikt over alle prosjekta i Bypakke Ålesund i vårt nye kart