Slik skal fleire bruke buss i Ålesund

I ein ny plan for utvikling av busstilbodet som kom i januar 2022 blei det foreslått ei rekke konkrete tiltak som skal gjer det enklare å bruke buss i Ålesund. Blant anna skal eit forenkla rutetilbod, forbetra infrastruktur og tydeleg kommunikasjon til innbyggarane gi bussen eit fortrinn. 

Ein elbuss står ved Kiperviktorget.  - Klikk for stort bilete Foto: Hallstein Lillevik

 

 

«Plan for utvikling av busstilbodet i Ålesund byområde fram mot 2030» er utforma i fellesskap av Statens vegvesen, Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Bypakke Ålesund har midler til å gjennomføre kollektivtiltak, og planen blir viktig når vi skal prioritere dette arbeidet. Fleire av tiltaka er planlagt å starte opp allereie frå hausten 2022. 

Viktige tiltak

Planen er basert på dei vedtekne måla for kollektivtrafikken i Ålesund:

  • Høgare kollektivandel
  • Kortare framføringstid for kollektivtrafikken
  • Kortare reisetid for kollektiv samanlikna med bil, jamfør med situasjonen i dag

Planen for utvikling av busstilbodet gjer greie for tiltak både på kort og lang sikt, og det er laga ein gjennomføringsplan i prioritert rekkefølge for å nå dei vedtekne måla. 

Rutetilbodet

I planen blir det lagt fram forslag til forenkling av rutetilbodet og eit høgfrekvent rutetilbod på stamlinjer. Stamlinjene bør ha fast frekvens og lang opningstid.

Lokallinjene er supplement til stamlinjene. I hovudsak er lokallinjene eit tilbod til/frå knutepunkt, og desse lokallinjene skal ha noko avgrensa opningstid samanlikna med stamlinjene. Det er eit mål at rutene har fast og føreseieleg frekvens tilpassa behovet til dei reisande.

Infrastrukturtiltak

Planen identifisera også meir enn 30 tiltak på infrastrukturen som kan redusere køyretida for buss, bidra til meir effektiv og føreseieleg bussdrift, gi et meir synleg tilbod, betre omdøme og betre tilgjengelegheit og trafikktryggleik.

I arbeidet med rutetilbodet er det peika på endringar med forenkling av trasear og etablering av tydelege endepunkt.

Andre tiltak har som hovudmål å hjelpe bussen fram gjennom færre omvegar og mindre tid i kø.

Enklare å forstå

I planen blir det også gjort greie for ei rekke tiltak som skal gjere det enklare for den kollektivreisande å forstå kollektivtilbodet. Dette er blant anna: 

  • Ny, enklare nummerering av busslinjene – med få stamlinjer (1-2) og lokallinjer (f.eks. 10-18).
  • Utarbeiding av enkle linjekart for Ålesund.
  • Merking av alle haldeplassar på stamlinjene med kva linje som går der, linjekart og informasjon om rutetider.
  • Kartlegge og om mogleg få sanntidsinformasjon på dei største haldeplassane på stamlinjene.

Vidare arbeid

Planen skal behandlast av samferdselsutvalet onsdag 2. februar, og fylkeskommunedirektøren innstiller på at dokumentet blir lagt til grunn for vidare arbeid med Bypakke Ålesund.

Last ned Plan for utvikling av busstilbodet i Ålesund byområde fram mot 2030 her. (PDF, 9 MB)