Startar opp arbeid i Tonningsgate 

Skarbøvika skal få nytt fortau og sykkelfelt. Fylkeskommunen tek til med arbeidet siste veka i august, og i nokre periodar blir det innsnevring av vegbana med lysregulering for trafikk. 

Veg med hus på kvar side - Klikk for stort bileteDenne vegstrekninga får nytt fortau og ny sykkelveg. Kannan Ponnampalam

Prosjektet inneheld ei oppgradering av vegbana, i tillegg til etablering av sykkelfelt og fortau i Tonningsgate. Det er entreprenøren Mesta som saman med Møre og Romsdal fylkeskommune skal sørge for betre tilrettelegging for sykkel og gåande i bydelen.  

 Siste veka i august startar vi med å etablere riggområde og elles arbeid som er utanfor vegbana, opplyser prosjektleiar Torbjørn Vatnehol i Møre og Romsdal fylkeskommune.  

Utover hausten startar arbeidet i vegbana, og det blir i periodar behov for å innsnevre vegen og bruke lysregulering for trafikken.  

Vi ønsker eit godt forhold til naboar og trafikantar, så det er berre å ta kontakt om ein lurer på noko, seier Vatnehol.  

Strekninga som skal utbetrast startar i svingen etter Steinvågbrua og fortset eit stykke forbi krysset til Tuenesvegen. Dette skal auke tryggleiken til dei som går og syklar. Prosjektet er ein del av Bypakke Ålesund. Sjølve Steinvågbrua får betre belysning, men den er ikkje ein del av dette prosjektet og får dessverre ikkje forlenging av gange- og sykkelveg no. 

Prosjektet har oppstart i slutten av august 2023 og planlagt byggetid er om lag 10 månader. Når gata gravast opp blir det samstundes gjort arbeid med fornying av vann,- og avløpssystem og elektriske kablar. Dette blir finansiert av Ålesund kommune utanom Bypakken. 

Illustrasjon sett ovanfrå kor vegen går.  - Klikk for stort bileteVegoppgraderinga kjem frå svingen ved Steinvågbrua og fram til krysset til Tuenesvegen.