Sykkelvegen i Skarbøvika blir forlenga

Bygginga av nytt fortau og sykkelfelt i Tonningsgate i Skarbøvika har gått føre seg sidan august i fjor. Det er no bestemt at prosjektet blir forlenga fram mot Notholmen like før Kiwi.  

Gravemaskin i grøft. - Klikk for stort bileteMykje aktivitet i Skarbøvika i vinter. Kannan Ponnampalam

- Opphaveleg  var omfanget av prosjektet å bygge i Tonningsgate fram til krysset ved Tuenesvegen, seier Torbjørn Vatnehol, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.  

Forlenginga kjem som følgje av at Ålesund kommune vil legge ned ny vassleidning på dette strekket.  I staden for å reetablere overflatene i Skarbøvikgata slik dei var før, bygger ein no fortau og sykkelfelt på strekninga fram mot Notholmen rett før Kiwi. I tillegg skal det etablerast betre belysning.

- Det har vore ønskeleg med ei forlenging heilt i frå planleggingsstadiet, men ein har vore avhengig av vedteken reguleringsplan for å bygge denne løysinga. Dette skal no vere i orden, opplyser Vatnehol.  

Lysregulering til etter påske

Sidan oppstarten i haust har det vore jobba mykje med sprenging og flytting av masse langs Tonningsgate i Skarbøvika. Arbeidet har så gått inn i ei ny fase med graving av grøfter og nedlegging av  vatn- og avløpsrøyr. På grunn av dette arbeidet vil det vere lysregulering på staden til etter påske.  

Mesta er entreprenør, medan Møre og Romsdal fylkeskommune er byggherre på dette vegprosjektet i Bypakke Ålesund. På begge sidene av bilvegen kjem eitt felt til fortau og eitt til sykkelfelt. Ålesund kommune oppgraderer vatn- og avløp samstundes, men dette er ikkje finansiert av Bypakke Ålesund.  

Prosjektet er venta å stå ferdig hausten 2024.  

Illustrasjon over Tonningsgate - Klikk for stort bileteOpphaveleg skulle prosjektet gå fram til krysset ved Tuenesvegen.

 

Illustrasjon i Tonningsgate - Klikk for stort bileteProsjektet blir forlenga fram til Notholmen