Christian Ibsen, Statens vegvesen
I ei periode framover vil dei fleste bussane både køyre ned til sjukehuset og stoppe ved dei nye busstoppa langs Borgundvegen (Sjukehuslomma).
Unntaket er Flybussen og Linje 3 Ålesund-Valderøya-Vigra, som berre vil stoppe ved dei nye busstoppa langs Borgundvegen. Du finn alltid oppdaterte bussruter hos Fram og Flybussen.
Tett samarbeid med sjukehuset
Prosjektet med det nye kollektivknutepunktet har blitt planlagt i tett samarbeid med Ålesund sjukehus, som er i gang med å bygge både ny hovudinngang på nordsida av sjukehuset og eit nytt parkeringshus mellom sjukehuset og Borgundvegen.
- Vi har samarbeida godt med Ålesund sjukehus gjennom prosjektet, og når alt står ferdig får publikum ei veldig flott løysing, fortel Ole Kristian Birkeland, prosjektleiar i Statens vegvesen.
- Busspassasjerane vil kunne gå tørrskodd og i le for ver og vind nesten heile vegen til sjukehuset. Det blir gangvegar på utsida av parkeringshuset, med gatevarme for å halde dei snø- og isfri. Inne i parkeringshuset blir det både trapp og heis ned til den nye hovudinngangen, fortel han.
Bussen sparer fleire minutt
Når parkeringshuset og den nye hovudinngangen er ferdig, skal bussane berre stoppe ved dei nye busstoppa i Borgundvegen. Då vil kvar einaste buss spare fleire minutt på å sleppe omvegen ned til sjukehuset.
Leskura til busslommene er forsinka, men kjem på plass før sommarferien.
Christian Ibsen, Statens vegvesen