Tryggare skulevegar på plass

Tre ulike prosjekt i Bypakken er var i november 2022 ferdig levert og gir tryggare skuleveg på fleire strekningar.

Eudoardo Martinez Gutierrez, byggeleiar for Møre og Romsdal fylkeskommune, Thea Elise Aasen, prosjektleiar i ACO Anlegg og Kannan Ponnampalam, kontrollingeniør Møre og Romsdal fylkeskommune, på ferdigbefaring i Blindheimsbreivika

Krysset til Grønvika på Gåseid, to kryss langs Blindheimsvegen, tre kryss frå Alvikvegen og ikkje minst Brusdalsvegen og Løndalskrysset – alle stadene har no fått ei oppgradering.

Vi har laga fotgjengarovergangar, sørga for betre lys, stramma opp kryss og laga betre skilje mellom gåande og køyrande, seier Eduardo Martinez Gutierrez, avdelingsingeniør og byggeleiar for Møre og Romsdal fylkeskommune.

Tarjei Rødset er dagleg leiar i ACO Anlegg som har utført arbeidet. Han fortel at dei som har vore ute på prosjekta har fått mange godord frå folk som har gått forbi.

I Brusdalsvegen har det vore fortalt om dårlege forhold for gåande tidlegare med ein fotgjengarovergang som ikkje har fungert og mange nesten-ulykker. No gler folk seg til å ta i bruk ein tryggare veg både her og dei andre stadene.

(Klikk på bilda for større bilde)

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Oppgradering for fotgjengarar

  • I krysset mellom Borgundvegen og Grønvika er det laga til med fotgjengarovergang og intensivbelysning.
  • Langs Blindheimsvegen og ved Shell Vegsund er det ny og heva fotgjengarovergang som tek dei gåande over vegen til ny gang- og sykkelveg bort til busstoppet med leskur. Der er det også laga fotgjengarovergangar ved Storevågen, og betre belysning høyrer sjølvsagt med.
  • I tillegg er det laga fotgjengarovergang og trafikkøy som definerer og plasserer dei køyrande på ein betre og sikrare måte i krysset til Skothaugen.
  • Alvikvegen har fått fotgjengarovergang i krysset ned mot Vestre Olsvikveg og mot Holssletta i tillegg til at krysset inn mot Brusdalsvegen har fått fotgjengarovergang over trafikkøy, betre belysning og definert gangveg inn mot krysset.
  • Langs Brusdalsvegen har fortau og gangveg fått ei oppussing og vegen kan kryssast med ny fotgjengarovergang og nok ei trafikkøy. I tillegg er det laga fotgjengarovergang i Løndalskrysset ned mot Nybøbakken.

Levert etter planen

Dei første delane av arbeidet starta i juni og vart ferdig denne veka.  Prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torbjørn Vatnehol, fortel dei har hatt godt samarbeid med ACO Anlegg som har vore løysingsorienterte.

Dette har gått veldig bra og vi har halde tidsskjema.  

Desse tiltaka er dei første av Møre og Romsdal fylkeskommune sine prosjekt i Bypakke Ålesund som no er ferdig.  No er dei neste bypakke-prosjekta for  fylkeskommunen kollektivknutepunkt i sentrum og sykkelfelt langs Tonningsgata i Skarbøvika.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete