Undersøking om Bypakke Ålesund

Innbyggarane er delt i synet på bompengar, halvparten synes det er greitt at bompengar går til andre tiltak enn veg. 

  

 

Og mange av dei spurte er ikkje nøgde med dagens tilrettelegging for sykling og kollektivreiser. Dette er nokre av funna i nullpunktsundersøkinga for Bypakke Ålesund. Undersøking om Bypakke Ålesund.

Slå video av slik den nye Lerstadvegen blir

Folk vil ha betre tilbod

-Samla sett viser undersøkinga at folk er opptatt av å få gjort noko med kollektivtilbodet, sykkelvegar og generell framkome. Det er jo dette bypakka vil gjere noko med. Det er ikkje uventa at halvparten er negative til bompengar i bypakka. Men når 43 prosent er positive til bompengar, er det eit uttrykk for at svært mange er villig til å akseptere bompengar berre det skjer ei permanent forbetring for trafikantane, seier Tore Johan Øvstebø, som leiar styringsgruppa i Bypakke Ålesund.

Bompengar til mjuke trafikantar

Moa  I bypakken går ikkje bompengar berre til vegutbygging, men også til trafikksikring, sykkelvegar og tiltak for kollektivtrafikken.

- At over halvparten er positive til dette, er svært gledeleg. Det kan tyde på at folk i Ålesundsregionen ynskjer seg betre tilrettelegging for mjuke trafikantar. Gode kollektivtiltak, sykkelvegar og trafikksikring vil òg få positiv innverknad på bumiljøet i bydelane med størst trafikk, seier Øvstebø. 

Hovudfunna i undersøkinga:

  • 52 prosent er negativ eller svært negativ til bompengar i dei tre kommunane.  Dei spurde i Sula er mest negative (65 prosent).  43 prosent er nøytrale, positive eller svært positive.
  • 73 prosent av dei som skal på skole eller arbeid i dei tre kommunane brukar eigen bil. Berre 6 prosent brukar buss.
  • 65 prosent meiner Ålesund er ganske dårleg  eller svært dårleg tilrettelagt for syklistar.
  • 54 prosent meiner det er heilt greitt å bruke bompengar på andre tiltak enn veg.  33 prosent er ueinig eller heilt ueinig i å bruke bompengar på andre prosjekt enn veg.
  • 36 prosent av dei spurde knyttar Bypakke Ålesund til bompengar og avgifter, medan 28 prosent knyttar Bypakke Ålesund til betre vegar og betre framkome. 
  • Berre 19 prosent er nøgd med kollektivtilbodet til/frå eller i Ålesund. 37 prosent er ganske og svært misnøgd. 

Om undersøkinga:

Undersøkinga vart gjennomført av Norstat i november 2020 for å få kunnskap om haldningane til Bypakke Ålesund i kommunane Ålesund, Sula og Giske. Det vil bli gjennomført oppfølgande undersøkingar for å sjå i kva grad haldningane endrar seg etter kvart som tiltak i bypakka vert ferdigstilt.

Det vart gjennomført 600 intervju på telefon i Ålesund (400), Sula (100) og Giske (100). Resultata for heile regionen må tolkast innanfor feilmarginar på +/- 2,4 - 4,0 prosentpoeng for hovudfrekvensane. Resultata er vekta på alder og kjønn i dei ulike kommunane.