Undersøking om Bypakke Ålesund

I november 2020 blei det gjort ei nullpunktsundersøking for Ålesund kommune for å kartlegge innbyggaren i Ålesund, Sula og Giske sine haldningar til ulike spørsmål til Bypakke Ålesund. No tre år etter, har det blitt gjort ei ny undersøking i dei same kommunane, der dei same spørsmåla er stilt. 

Hensikta med denne nullpunktsundersøkinga er å sjå i kva grad haldningane endrar seg i løpet av at arbeidet med Bypakke Ålesund blir gjennomført. Bypakke Ålesund er i gang med fleire prosjekt innanfor kollektiv, veg, trygg skuleveg og sykkel. Nokon står ferdig, men i løpet av dei neste åra vil vi sette i gang fleire prosjekt i Bypakke Ålesund. 

Bompengar til mjuke trafikantar 

I august hadde vi gått i gjennom eitt år med bompengar i Ålesund. Mange av prosjekta blir finansiert gjennom bompengar. Bypakke Ålesund har fleire prosjekt som er tiltak retta mot mjuke trafikantar. Det betyr forbetring av forhalda for dei gåande, syklistar og ein trygg skuleveg for dei minste. Undersøkinga viser at 57 % meiner at det heilt greitt å bruke bompengar på andre tiltak enn veg. 
Samtidig er det fortsatt fleire som er negative enn positive rundt bompengar. 44 % er anten svært negativ eller negativ til bompengar i dei tre kommunane i 2023. Dette er likevel ei forbetring frå 52 % i 2020. Det er 31 % som er anten positiv eller særs positiv til bompengar, som er ei auke frå 23 % i 2020. 

Ønsker betring av sykkelvegnettet

Det er 62 % som meiner at det er særs dårleg eller dårleg tilrettelagd for syklistar. 12 % seier det er særs godt eller ganske godt tilrettelagd. Dette var omtrentleg det same resultatet som i 2020. Bypakke Ålesund gleder seg no til å sette i gang med mange tiltak som skal vere med å forbetre forhalda for syklistane i Ålesund. Det skal vere enkelt og trygt å kome seg til og frå for mjuke trafikantar i Ålesund. Det blir nemleg større endringar i sykkelvegnettet i Ålesund dei neste åra.  

Akkurat no bygger vi ny sykkelveg i Skarbøvika og i Borgundvegen forbi Ålesund sjukehus. Over nyåret har vi fleire sykkeltiltak i prosjekta Blindheim-Flisnes og sørsida i Ålesund sentrum. Vi kjem til å sjå resultatet på sykkelsatsinga i Bypakke Ålesund dei neste åra, seier prosjektleiar i Bypakke Ålesund, Jøran Mentzoni Eilertsen.

Få ei oversikt over alle prosjekta i Bypakke Ålesund i vårt kart

Sykkelkart Bypakken.pdf (PDF, 477 kB)

Auke i busspassasjerar 

I sommar kom FRAM ut med nye tal på dei som nyttar bussen i Ålesund. På busslinje 1 og 2 såg FRAM ein vekst med 25 % i mai 2023, samanlikna med mai 2022. Undersøkinga viser det at kollektivtilbodet har eit forbetringspotensiale i Ålesund. Totalt sett er 25 % er anten særs nøgd eller nøgd med kollektivtilbodet. 55 % av dei som nyttar bussen i Ålesund meiner likevel at tilbodet er godt. 
Bypakke Ålesund ser fram til å ferdigstille prosjekt som er satt i gang for å betre kollektivtilbodet. Kollektivknutepunktet i sentrum, kollektivpunktet ved Ålesund sjukehus og samtidig starte på prosjekter som Blindheim-Flisnes og ny kollektivgate ved sørsida i Ålesund sentrum. Ved å ferdigstille alle kollektivprosjekta i Bypakke Ålesund, ønsker vi at det skal vere enkelt velje bussen som eit framkomstmiddel i kvardagen. 

Hovedfunn i undersøkinga 

  • 44 % er negativ eller svært negativ til bompengar i dei tre kommunane i 2023 (52 % i 2020). 31 % er positiv eller svært nøgd (23 % i 2020). 
  • 57 % meiner at det er heilt greitt å bruke bompengar på andre tiltak enn bilveg . 30 % er heilt eller delvis ueinig i dette. 
  • 12 % prosent i Ålesund seier at dei som oftast bruker buss i 2023, samanlikna med 7 % i 2020.  
  • 25 % er svært nøgd eller nøgd med kollektivtilbodet i Ålesund. Dette er ei auke frå 19 % i 2020. Blant dei som svarar dei nyttar bussen til og frå jobb, svarer 55 % at dei er fornøgd. Det er ei klar forbetring frå 2020 der andelen var 33 %. 27 % som er misfornøgd eller svært misfornøgd blant dei som nyttar kollektiv til og frå jobb i 2023. Dette er ein svak tilbakegang frå 2020 der 31 % svarte det same. 
  • 62 % meiner at Ålesund er svært dårleg eller dårleg tilrettelagd for syklistar. 12 % seier det er svært godt eller ganske godt tilrettelagt der dei vanlegvis ferdast i Ålesund. 19 % svarer det er verken godt eller dårleg tilrettelagt.
  • 56 % er nøgd med forhalda for fotgjengarar i Ålesund i sentrum i 2023. Dette er ein nedgang frå 60 % i 2020. Innbyggarane i Sula er mest misfornøgd med 46 %.

Om undersøkinga

Det var gjennomført intervju på telefon i Ålesund (403), Sula (100) og Giske (100). Resultata for heile regionen må tolkast innanfor feilmarginar mellom +/- 5,9 - 9,8 prosentpoeng for ei 10/90-fordeling og ei 50/50-fordeling. For Ålesund kommune er feilmarginane +/- 2,9 - 4,9 prosentpoeng for dei same fordelingane. Det er verdt å merke seg at Harams-delen av Ålesund har blitt oppretthaldt, sjølv om denne delen vil bli skilt ut som eigen kommune frå nyttår av. Dette er gjort for å sikre at sammenligningsgrunnlaget er det same som i 2020.