Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid

Statens vegvesen og Ålesund kommune er i gang med reguleringsplanarbeid for strekninga mellom Breivika og Nakken. Fristen for å sende innspel er 23. mars. 

Blå linje viser den foreslåtte traseen. Rød stiplet linje viser vedteke trase.   

Formålet med planarbeidet er omregulering frå betongtunnel til bergtunnel, samt å skaffe eit formelt grunnlag for å kunne bygge E136 mellom Breivika og Lerstad. Planen vil bli utarbeidd som ei detaljregulering etter § 12-3 i plan- og bygningsloven.

Eventuelle innspel til varsel om oppstart må sendast innan 23. mars 2022 til Statens vegvesen Utbygging, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer, eller pr. e-post til firmapost@vegvesen.no

Du finn meir detaljert informasjon på Statens vegvesen sine sider