Viktige innspel til nytt kollektivknutepunkt

Ålesund kommune planlegg det nye kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum, og inviterte innbyggarane til medverknadsmøte i desember 2021. Gode innspel frå dei 46 som møtte vil påverke det endelege resultatet. 

Tre personar sitt rundt eit bord. Ei stor skisse ligg midt på bordet, og ein person snakkar inn i ein mikrofon.  - Klikk for stort bilete

 

Kollektivknutepunktet erstattar dagens rutebilstasjon og skal ligge i Keiser Wilhelms gate og Korsegata. Medverknadsmøtet tok for seg heile området, inkludert gater og byrom i nærleiken.

 

Ragnhild Momrak held ein presentasjon, og nokre av deltakarane på møtet følger med.  - Klikk for stort bileteRagnhild Momrak frå Dronninga Landskap presenterte skissene for det nye kollektivknutepunktet.

- Vi ønsker å finne dei beste løysningane for dei som brukar byen, og då er vi avhengig av innspel frå mange ulike perspektiv. For eksempel er barnefamiliar, ungdommar, syklistar, kollektivreisande, drosjesjåførar, bebuarar og næringsdrivande viktige bidragsytarar, som dagleg opplev dei moglegheitene og utfordringane byen vår har, seier Jøran Mentzoni Eilertsen, seniorrådgjevar i Ålesund kommune.

 

 Dronninga Landskap er arkitektane som jobbar med forprosjektet, og dei har erfaring frå liknande prosjekt i andre byar. Dei har blant anna skapt attraktive byrom på Carl Berners plass i Oslo og på Landmannstorget i Skien. Ragnhild Momrak frå Dronninga Landskap heldt ein inspirerande presentasjon der ho tok for seg alt frå eit historisk tilbakeblikk til kvalitetar og utfordringar med Ålesund som by. 

- Ålesund er ein nydeleg by, med gode forutsetningar for å vere ein god by å vere i. Nokre områder har ein allereie nytta godt medan andre har stort potensiale for å bli meir attraktive for innbyggarar og besøkande, fortalte Momrak.

Eit kompakt og urbant sentrum

 

Eit oversiktsbilde over lokalet med deltakarar som følger med.  - Klikk for stort bileteDet var godt oppmøte, og deltakarane fulgte nøye med på planane som vart lagt fram.

Det meste av medverknadsmøtet var lagt opp som gruppearbeid, der deltakarane skulle diskutere ulike spørsmål knytt til alt frå kva som må til for at eit område skal vere godt å opphalde seg i til korleis det er attraktivt å bevege seg rundt i sentrum. Gruppene diskuterte også kva som var mest og minst attraktivt med Ålesund. Mange ga blant anna uttrykk for at dei satt pris på at byen er kompakt, urban og tilgjengeleg med flott arkitektur, men at mange stadar er grå og lite tilrettelagte.

 

Det var mange fine diskusjonar i gruppene, og det kom mange gode innspel frå ulike perspektiv. Felles for alle var eit ønske om fleire gode møteplassar som tek høgde for det ustabile veret her på Sunnmøre.

Satt pris på involveringa 

Deltakarane ga uttrykk for at medverknadsmøtet hadde vore inspirerande og engasjerande, og fått dei til å tenke nytt om byen vår. Mange fortalte også at dei satt stor pris på å bli involvert på eit så tidleg stadium, og at dei no gleda seg til å sjå det ferdige resultatet.

 

Deltakarar sitt rundt eit bord og diskuterer skisser.  - Klikk for stort bileteDeltakarane på møtet vart delt inn i grupper, og fekk utdelt store kart som viste området.

- Vi fekk mange gode, relevante og viktige innspel frå dei som deltok på møtet. Det kom inn nye idear som vi ikkje hadde tenkt på sjølve, og vi fekk også ein del konstruktive tilbakemeldingar som fører til at vi gjer konkrete endringar i skissene våre, sei Eilertsen.

 

Arbeidet framover

- Plasseringa av kollektivknutepunktet vart vedteke i Sørsideplanen i 2015, men vi har stort spelerom når det gjeld utforminga av området. Målet med kollektivknutepunktet er at busspassasjerane skal få ei enklare og meir effektiv kollektivreise, og området blir stoppestad for alle bussar som går gjennom byen – i begge retningar. Samtidig ønsker vi å skape eit meir attraktivt og tilgjengeleg byrom for alle som brukar byen vår, fortel Eilertsen. 

Etter medverknadsmøtet har Ålesund kommune jobba med å få innspel frå ulike fagetatar, innarbeide innspela og forma det endelege forslaget til forprosjekt. Dette ferdigstillast i løpet av januar, og då tek fylkeskommunen over prosjektet og startar på detaljprosjektering. Kollektivknutepunktet skal etter planen byggast i 2023.

Eit kart som viser området der kollektivknutepunktet skal byggast.  - Klikk for stort bileteEi av skissene som deltakarane fekk gi innspel til.