Fritak frå bompengar

Det er nokre fritak og unntak for betaling av bompasseringar. Her finn du ei oversikt.  

Fritak og unntak for betaling

Motorsyklar, mopedar, mopedbilar har fritak utan brikke. Kollektivtransport i rute må søke bompengeselskapet om fritak. Utrykkingskøyretøy har fritak og registreres automatisk i køyretøyregisteret. 
 

Fritak for dei med HC-kort

Dei som har parkeringsløyve for rørslehemma (HC-kort) med gyldigheit på minst to år kan søke om fritak for bompengar. Dersom du allereie har fått innvilga fritak frå eit bompengeselskap treng du ikkje å søke på nytt.

Send søknad

Søknaden skal innehalde:

  • namn
  • e-postadresse/telefonnummer
  • registreringsnummer på bilen
  • brikkenummer
  • kopi av for- og bakside på HC-kortet
  • stadfesting på at bilen har gyldig AutoPASS-avtale (kopi av avtalen eller stadfesting frå selskapet du har avtale med). Dersom du ikkje har AutoPASS-avtale frå før må du skaffe det før du kan søke om fritak.

Ver merksam på at parkeringsløyvet (HC-kortet) og AutoPASS-avtalen må stå i same namn. Når innehavar av parkeringsløyvet er under 18 år skal AutoPASS-avtalen være registrert på en føresett.

Søknaden sendes til:

Etter innvilga fritak

Når du har fått innvilga fritak, vil det gjelde alle bomstasjonar med fritak for HC-kort i Norge. 

Har du spørsmål om fritak?

Ta kontakt med Vegamot på tlf. 73 82 48 80 eller kontakt@vegamot.no

Meir informasjon om korleis du søker om fritak finn du her