Buss-, sykkel- og trafikksikringstiltak på Aspøya

Strekninga frå Apotekergata til Steinvågvegen/Kirkegata skal oppgraderast for å legge betre til rette for buss, sykkel og gåande. Det kan også bli aktuelt med tiltak på sidevegane.

skole - Klikk for stort bileteTrafikktrygging av skoleveg i sentrum rundt Aspøy skole. Torgeir Emblem

 

Prosjektet er ikkje ferdig planlagt, men ein ser på tiltak som skal gjere det tryggare for mjuke trafikantar samtidig som bussen får betre framkome på strekninga. Aktuelle tiltak er kantstopp for buss, nye gangfelt, forbetring av fortau og andre tiltak for å betre sikta og dermed auke tryggleiken.

Byggherre: Ålesund kommune

Status: Under planlegging. Ferdig i 2025.

Kontakt oss

Jøran Mentzoni Eilertsen
Prosjektleiar Bypakke
E-post
Mobil 95 90 42 95