Hessafjordvegen - Slinningen

Hessafjordvegen skal forlengast heilt fram til Slinningen.  

Dronefoto av sørsida av Hessa mot Slinningen - Klikk for stort bilete Tom Rian

Hessavegen der bussen køyrer i dag er smal og gåande må gå ut i grøfta når det kjem bilar og bussar.

Bypakke Ålesund skal forlenge Hessafjordvegen heilt fram til snuplassen på Slinningen. Med fortau og nye busshaldeplassar vert det tryggare for dei gåande og enklare å kome seg fram for bussen.

Planen er å etablere to køyrefelt og fortau, slik standarden er på dagens Hessafjordveg. Bussen vil skifte frå øvre vegen og ned til Hessafjordvegen når prosjektet er ferdig, fram til då vil bussen går slik han køyrer i dag.

Planlegging av Hessafjordvegen 

 

Vi ønsker innspel frå dykk som kjenner området! 

 

Bypakke Ålesund ved Ålesund kommune har starta arbeidet med å planleggje vidareføring av Hessafjordvegen. Vi er framleis heilt i starten av planleggingsfasen, og ønskjer derfor innspel frå dykk som bur i området eller kjenner staden godt. 

 

Sidan dette gjeld ei lengre strekning, ønskjer vi særleg innspel om lokale forhold og verdiar vi bør ta omsyn til i det vidare arbeidet. Det kan til dømes vere: 

 

  • leikeområde tre og grøntområde 
  • bekker og overvatn 
  • snarvegar og gangsamband 
  • område med spesielle utfordringar 
  • andre lokale forhold de meiner er viktige 

 

Som ein del av arbeidet skal vi også gjere ei større kartlegging av vatn, avløp og overvatn i området. Vi kjenner allereie til enkelte utfordringar, mellom anna ved Parrstranda, men tek gjerne imot informasjon frå dykk som har lokalkunnskap om andre problemområde.

I samband med Bypakke Ålesund skal Hessafjordvegen førast vidare frå området ved Slinningen barnehage og ut til odden der bussen snur i dag. 

Planleggingsfasen vil etter planen halde fram fram til slutten av 2027. Byggjeperioden er førebels anteken å bli i perioden 2028–2030.

Status: Under planlegging

Byggestart: Etter 2025

Byggherre: Ålesund kommune