Bypakke Ålesund/Sunniva Ullavik Erstad
Prosjektet bidreg til å korte reisetida mellom sentrum og Moa, sidan bussane ikkje lengre treng å køyre ned til den tidlegare busslomma ved sjukehuset.
I det nye parkeringshuset er det heis og trapp, og på utsida er det nye gangvegar som vil sikre rask, trygg og brukarvennleg tilkomst direkte frå dei nye busslommene og ned til Ålesund sjukehus.
Det er også samanhengande sykkelfelt i begge køyreretningar frå Moa (ved Vindgårdsskiftet) til like før Hatlaåstunnelen (krysset ved Østre Hatlaåsvegen). Sykkelfelta skal bidra til auka framkome for syklande på ein trasé som er ein del av hovudsykkelvegnettet i Ålesund.
Prosjektet fikk 10 millioner kroner fra en statlige tilskuddsordning i 2025. Pengene ble brukt til utvidelse av sykkelfeltet langs Borgundvegen. Les mer om tildelingen her.
I forbindelse med prosjektet har heile lyskrysset blitt bygd om, og vegen frå boligområdet på nordsida har blitt flytta.
Planlegginga har blitt gjort i tett dialog med Helse Møre og Romsdal, som har bygd parkeringshus mellom sjukehuset og kollektivknutepunktet.
Les om den offisielle åpninga av parkeringshuset og kollektivknutepunktet her.
Byggherre: Statens Vegvesen
Status: Ferdig