Ny haldeplass og Passajsen Parkering er opna
Marit Brunstad
Mange møtte fram til markeringa, og det var god stemning med musikk, song og kakeservering. Ordførar Håkon Lykkebø Strand klipte snora for parkeringshuset, medan Øystein Tvedt, leiar i styringsgruppa for Bypakke Ålesund, stod for snorklippinga av kollektivknutepunktet. Nørvøy ungdomskorps og elevar frå Åse skole sørga for feststemning, og gjestane fekk kake og kaffi etter programmet – servert av gode hjelparar frå Medvind i Brisk.
– Dette prosjektet er eit viktig tilskot for utvikling av sjukehuset. Vi må sikre gode løysingar, og her har vi fått eit parkeringshus med kapasitet og rom for nye moglegheiter i åra framover, sa ordførar Håkon Lykkebø Strand.
Øystein Tvedt er leiar for styringsgruppa i Bypakke Ålesund. Han peika på kor viktig prosjektet er for framtida:
– Kollektivknutepunktet og den nye sykkelvegen er viktige steg mot meir effektivt og berekraftig transport i Ålesund. Prosjektet er eit godt døme på korleis samarbeid gir resultat som kjem heile regionen til gode.
Prosjektet omfattar også ny sykkelveg mellom Moa og Hatlaåstunnelen, og oppgraderte gangareal ved sjukehuset. Det er universelt utforma gangveg frå haldeplassen “Ålesund sjukehus”, via Passasjen Parkering, og fram til ny hovudinngang ved sjukehuset. Bypakke Ålesund, Sunnmøre Parkering, Helse Møre og Romsdal, FRAM og Statens vegvesen har samarbeida om prosjektet.
Sjå bildeserie frå markeringa: