Kollektivpunkt Ålesund sjukehus
FREDERIC VIDEM LANDSKAPSARKITEKTER
Det skal etablerast eit nytt kollektivpunkt ved Ålesund sjukehus.
Prosjektet skal bidra til å korte reisetida mellom sentrum og Moa, og bussane skal ikkje lenger køyre ned til sjukehuset.
Det skal etablerast heis og nye gangvegar som vil sikre rask, trygg og brukarvennleg tilkomst direkte ned til Ålesund sjukehus.
Planlegginga har blitt gjort i tett dialog med Helse Møre og Romsdal, som vil starte bygging av parkeringshus i løpet av året. Heis og trapp frå busstoppet og ned til sjukehuset vil bli inne i det nye parkeringshuset.
Lyskrysset vil bli bygd om, og vegen frå boligområdet på nordsida vil bli flytta.
Samstundes skal det byggast sykkelfelt og fortau på oppsida av Borgundvegen innover mot Moa.
Byggherre: Statens Vegvesen
Status: Ferdig regulert, planlegging pågår. Byggestart er planlagt sommer 2023.