Eit nytt sambruksfelt langs innfartsvegen frå Lerstad til Campus skal sikre at bussen kjem enda raskare fram og slepp å stå i kø.
Kollektivfelt på innfartsvegen
Torgeir Emblem
Prosjektet er ei direkte forlenging av E136 Breivika–Lerstad, og tiltaket vil vere med å korte ned reisetida med kollektivtransport mellom sentrum og Moa.
Det skal byggast sambruksfelt som startar vest for det nye toplanskrysset på Lerstad.
Det skal byggast ny bru over Nørvasundet for E136 og eit nytt tunnelløp gjennom Skuggenhaugen. Dette vil gi god påkøyringsmoglegheit til E136 for trafikk austover.
Byggherre: Statens Vegvesen
Status: Ferdig regulert
Sist endra 05.01.2023 13.14