Framkomelegheit for buss, sentrum - Volsdalen

Vi ønskjer å få bussen forbi køa slik at du kan kome deg raskt til sentrum. 

Med eit kollektivfelt frå Volsdalen til sentrum kan bussen køyre forbi køa og kome seg raskt fram. 

Difor planlegg vi å lage eit kollektivfelt på nordsida av E136 frå påkøyringsrampa i Volsdalen og nesten heilt inn til sentrum. Arbeidet er under planlegging og enno ikkje ferdig utgreidd. 

Status: Planlegging

Byggherre: Statens vegvesen