Det skal byggast snuplass for buss på Slinningen
Torgeir Emblem
Snuplass for buss
Første del av prosjektet er ein snuplass for buss med tilhøyrande haldeplass på Slinningsodden. Når snuplassen er ferdig vil bussane ha endestasjon der, og køyre tilbake same veg (Hessavegen). Det betyr også at det blir slutt på at bussen står opp til ni minutt ved Skarbøvik ungdomsskule og ventar med passasjerar om bord.
Dermed blir det opp til ni minutt kortare køyretur inn til sentrum og vi kuttar reisetida med rundt ein tredel på enkelte avgangar.
I tillegg til den nye snu- og haldeplassen vert det også overgang frå ringlinje til pendellinje på Hessa. For nokre vil det bety litt lenger gangavstand til busstoppet, men dei aller, aller fleste vil likevel ha under 400 meter eller mindre enn ein fem minutts gåtur til busstoppet. Dette er også kortare enn det som er vanleg tommelfingerregel i byar.
Status: Prosjektet er planlagt ferdig hausten 2022. Dei nye bussrutene kjem først til neste år.
Les meir om oppstart av arbeidet her.
Byggherre: Ålesund kommune
Ny veg
Andre del av prosjektet er ein ny veg på sørsida av Hessa. Hessafjordvegen skal bli utbetra og forlenga, og skal gå heilt til snuplassen på Slinningsodden. Denne vegen får full breidde, fortau og nye busshaldeplassar, og sikrar trygg ferdsel for dei gåande og betre framkome for bussen.
Status: I arbeid hausten 2022.
Byggherre: Ålesund kommune