Meierikaia – Color Line Stadion
Vi planlegg for ein samanhengande sykkeleveg langs med innfartsvegen frå meierikaia til Color Line Stadion.
Vi ser på moglegheiten for å bruke utfyllingsmasse frå tunnellprosjektet Breivika–Lerstad til å etablere ein ny gang- og sykkelveg langs sjøen, sør for innfartsvegen.
Formålet med prosjektet er å legge til rette for ein trafikksikker og tilrettelagt gang- og sykkelveg langs sjøen. Dette vil vere med å forbetre sykkelvegnettet til og frå Ålesund sentrum.
Per i dag manglar prosjektet avklart finansiering, og vidare framdrift vil vere avhengig av at det blir funne finansieringsløysingar.
Sist endra 25.08.2026 14.36