Sykkeltiltak, Volsdalen – sentrum
Det skal leggast betre til rette for både syklistar og kollektivtransport på den viktige strekninga frå Volsdalen til Ålesund sentrum.
Bypakke Ålesund skal gi ei trygg sykkelløysing langs Borgundvegen forbi Volsdalen skule.
Torgeir Emblem
I dag manglar det tilrettelegging for syklistar på denne strekninga. Endeleg val av trasè er ikkje vedtatt.
Formålet med prosjektet er å legge til rette for viktige samband for sykkel frå planlagt sykkelløysing i Volsdalen inn til/ og i Ålesund sentrum. I sentrum er det trange gateløp og fleire ulike løysingar blir vurdert.
Byggherre: Møre og Romsdal fylkeskommune og Ålesund kommune
Status: Planlegginga startar i 2024
Sist endra 16.11.2023 12.32