Torgeir Emblem
Det er planlagt å byggje fortau på nordsida av Borgundvegen, mellom bensinstasjonen og lyskrysset. Målet er å sikre gode løysingar for mjuke trafikantar på begge sider av vegen.
Strekninga er om lag 350 meter lang, og reguleringsplanen er godkjend.
Prosjektet er finansiert, og planlagt bygd i 2029.
Undersøker moglegheit for utviding
I tillegg har styringsgruppa for Bypakke Ålesund vedteke at ein skal sjå nærare på moglegheita for å forlengje prosjektet vidare mot Hatlaåstunnelen.
- Frå lyskrysset ved Hatlane skule til busstoppet Malaga ligg det føre godkjend reguleringsplan.
- Frå busstoppet Malaga til Hatlaåstunnelen er det behov for nytt reguleringsarbeid.
I første omgang er det vedteke å starte opp reguleringsplanarbeid for strekninga mellom busstoppet Malaga og Hatlaåstunnelen. Det er foreløpig ikkje sett av pengar til bygging av denne strekninga.
Status: Under planlegging
Byggherre: Møre og Romsdal fylkeskommune