Trafikksikringstiltak, Lerstadvegen

Det er planlagt fleire tiltak langs Lerstadbakken som skal betre trafikksikkerheita for mjuke trafikantar. 

Blant anna skal gangfelta utbetrast med ny intensivbelysning, taktile heller og universell utforming. I tillegg vil eit av gangfelta bli opphøgd for å redusere hastigheita, og eit anna skal bli flytta for å forbetre trafikksikkerheita.

Det blir også vurdert å endre på skilt-reguleringa. Fartsgrensa blir foreslått senka frå 50 km/t til 40km/t, og vi ser på moglegheita til å gjer deler av strekninga til ein forkøyrsveg.  

Planlagt byggestart er våren 2024, og prosjektet skal stå ferdig i løpet av 2024.

Byggherre: Ålesund kommune

Bygging: 2024

Kontakt oss

Jøran Mentzoni Eilertsen
Prosjektleiar Bypakke
E-post
Mobil 95 90 42 95