Trafikksikringstiltak, Øvre Skytterholmen

Bypakke Ålesund har gjort krysset ved Blindheim barneskule tryggare for dei mjuke trafikantane. 

Bilde av krysset ved Blindheim barneskule som har blitt tryggare for mjuke trafikantar.  - Klikk for stort bilete Bypakke Ålesund

Hovudmålet er å forbetre gangfeltet og krysset mellom Øvre Skytterholmen og Tørlevegen. Dette vart gjort ved å stramme opp krysset, auke belysninga og generelt gjere fotgjengaren meir synleg. Ved å redusere bredda på krysset vil hastigheita på køyretøya bli lågare, og gangfeltet blir kortare. Dette vil gje større sikkerheit til barn og unge som ferdast i området.

Byggherre

Ålesund kommune

Status

Fullført

Krysninga vil også bli justert slik at den går rett over vegen og ikkje på skrå. Prosjektet vil vere universelt utforma, med ledelinjer og intensivbelysning for å sikre god tilgjengelegheit og tryggheit for alle brukarar.

Området har mange mjuke trafikantar, spesielt barn og unge som går til Blindheim skole. Derfor er det viktig å gjennomføre desse tiltaka for å skape eit sikkert og tilgjengeleg miljø.

I krysset mellom Øvre skytterholmen og Tørlaveien blir det betre trafikksikkerheit ved at Bypakken

  • forlenger fortauet i aust
  • rustar opp med betre lys
  • lagar overgang