Statens vegvesen skal bygge ny bru over Brosundet
Screenshot webkamera Smp.no
Statens vegvesen skal bygge ei ny gate gjennom det som i framtida blir den nye bydelen Sørsida. Den nye gata vil gå frå Keiser Wilhelmsgate ved dagens rutebilstasjon til Nedre Strandgt ved Waterfront hotel med ei ny bru over Brosundet. Kommunestyret i Ålesund har vedteke at den nye gata skal vere envegskøyrt østover, og blir ei kollektiv- og sykkelgate med breie fortau.
Illustrasjonen viser valt trafikkløysing
Statens vegvesen
Nedre Strandgate vil ha tovegs trafikk som i dag men Hellebroa blir avlasta ved at Notenesgata vert envegsregulert vestover frå innkøyringa til Kremmergården. Med dette grepet får ein plass til sykkelfelt i Notenesgata utan at det går ut over gateparkering.
Prosjektet skal supplerast med gangveg langs Brosundet, og vi trur dette blir eit attraktivt samband og ein opplevingsrik gangveg både for turistar og byen sine innbyggarar. Gangvegen vil også bli ei viktig avlasting for vegnettet på dagar med mange turistar i sentrum.
Prosjektet er ein del av Sørsideplanen, som vart vedtatt i 2015. I samarbeid med Sørsida Utvikling og Ålesund kommune har vi laga ein film som forklarer korleis denne delen av byen skal sjå ut om nokre år.
Slik vil gata på Sørsida sjå ut
Byggherre: Statens Vegvesen
Status: Ferdig regulert, og klart til utlysning.