Prisar og rabattar

Tovegsinnkrevjing: Alle bomstasjonane har tovegsinnkrevjing, som betyr at du må betale bompengar i begge retningar.

Rabattar med AutoPASS-avtale

Slik skaffer deg brikke og AutoPASS-avtale. 

Timesregel: Du betalar berre for ei passering i timen sjølv om du køyrer gjennom fleire bomstasjonar. Timesregelen gjeld i alle bomstasjonar og i begge retningar. Timesregelen gjeld både for dei som har AutoPASS-avtale og dei som ikkje har det. 

Månadstak for takstgruppe 1 og 2: Du betalar berre for 60 passeringar i månaden. Månadstak gjeld for kvar kalendermånad, og per køyretøy. Månadstak gjeld berre for dei med AutoPASS-avtale.

Prisar

Takstgruppe 1

Personbil (bensin-, diesel- og hybridkøyretøy), inkl. varebilar under 3500 kg, hybridbilar og køyretøy registrert som M1

  • Pris med avtale: 20,80 kroner
  • Pris utan avtale: 26 kroner
  • Månadstak for ein personbil med AutoPASS-avtale blir 1248 kroner. Gjeld for 60 passeringar kvar kalendermåned. 

Elbil og hydrogenbil (nullutsleppsbilar)

  • Pris med avtale: 10,40 kroner
  • Pris utan avtale: 26 kroner
  • Elbilar med AutoPASS-avtale får 50 prosent rabatt, i tillegg til 20 prosent rabatt fordi dei har AutoPASS-avtale.
  • Månadstak for ein elbil med AutoPASS-avtale blir 624 kroner. Gjeld for 60 passeringar kvar kalendermåned. 

Takstgruppe 2 (over 3500 kg)

  • 52 kroner
  • Det er eit månadstak for taktsgruppe 2 om du har gyldig AutoPASS-avtale. 
  • Nullutsleppskøyretøy over 3500 kilo er fritatt bompengar når dei har AutoPASS-avtale. 
  • Personbilar med tillaten totalvekt over 3 500 kg registrert i køyretøykategori M1 i Autosys med gyldig AutoPASS-avtale og brikke, får takstar som køyretøy i takstgruppe 1.
  • Køyretøy i takstgruppe 2 som er registrert på føretak eller brukast i næringsverksemd må ha gyldig AutoPASS-avtale. Les meir om obligatorisk AutoPASS-avtale for takstgruppe 2 her

 

Fritak og unntak for betaling

Forflyttingshemma med HC-kort kan søke om fritak.  Motorsyklar, mopedar, mopedbilar har fritak utan brikke. Kollektivtransport i rute må søke bompengeselskapet om fritak. Utrykkingskøyretøy har fritak og registreres automatisk i køyretøyregisteret. Alle spørsmål om fritak må rettes til Vegamot.