AutoPASS-avtale gir rabattar

Skaff deg AutoPASS-avtale og brikke for å få tilgang til rabattordningar! 

Les meir om prisar og rabattar

Kort om AutoPASS-avtale

  • Har du ein gyldig AutoPASS-avtale med brikke, så vil den gjelde i Bypakke Ålesund og andre bompengeanlegg i AutoPASS-Samvirke. Men, brikka kan også vere knytta til ein forskotsavtale på AutoPASS-ferje og dette er to separate ordningar. Forskotet på AutoPASS ferje vil ikkje kunne brukast for bompasseringar på veg. Bompengane vert fakturert på etterskot frå  selskapet der du har bestilt brikke. Skal du ha avtale både for ferje og veg, må begge avtalane vere oppdatert med korrekt informasjon for å vere gyldig. 
  • Når du bestiller AutoPASS-avtale får du tilsendt ei brikke som skal festast i frontruta på bilen.
  • Då blir passeringane dine automatisk registrert, og du får rabattane.
  • Det er fleire selskap som tilbyr AutoPASS-avtale, og du får lik rabatt uavhengig av kven du har avtale med. Selskapa kan konkurrere mot kvarandre på andre ting enn rabattar i bomstasjonane, men per i dag kjenner vi ikkje til store forskjellar mellom selskapa.
  • Dei som manglar AutoPASS-avtale får faktura for alle bompasseringar utan rabatt. Fakturaen kjem då frå Vegamot.

Slik får du AutoPass-avtale

Du inngår AutoPASS-avtale og bestiller brikke på nettsidene til dei ulike selskapa. Ta kontakt med eit av selskapa om du treng hjelp.

Meir informasjon finn du på AutoPASS sine sider 

Gammal brikke og usikker på om du har gyldig AutoPASS-avtale? 

Då kan du ta kontakt med bompengeselskapet Vegamot. Dei treng brikkenummeret som står på sjølve brikka for å sjekke om du har avtale. Du kan ringe på 73 82 48 80 eller sende e-post til kontakt@vegamot.no.