Blindheim – Flisnes: slik blir byggeperioden inndelt

Bypakke Ålesund er i gang med vegprosjektet Blindheim-Flisnes. Prosjektet skal utførast i fleire fasar for å ta omsyn til naboar, trafikantar, eigedomar og næring som grensar til prosjektet. Det blir mellombelse løysingar for trafikkomlegging i dei ulike fasane.

Personer som graver på en veg - Klikk for stort bileteBygging av ny kulvert i Ramsvika er i gang. Else Britt Ervik

Strekninga er sterkt trafikkert, og får no ei kraftig oppgradering. Kryssa i Eikenosen, Puskhola og ved Blindheimshallen skal sanerast og erstattas av nye kommunalvegar og ei rundkøyring ved Blindheimshallen. I tillegg kjem det betre løysingar for mjuke trafikantar. Det blir samanhengande gang- og sykkelveg frå Flisneset til Ospedalsbakken ovanfor Blindheimshallen. Byggeperioden vil vare i om lag 2 år frå april 2024.  

Slik blir byggeperioden inndelt:

Fase 1: Frå mars 2024 - fram til vinter 2025

Tiltaka vil ikkje nødvendigvis gjennomførast i rekkefølge, men innanfor tidsramma av kvar fase.  

  1. Omlegging av kablar
  2. Sprenging og uttak av stein
  3. Bygging av kommunal veg i Puskhola og Hatleholen  
  4. Bygging av ny vannkulvert gjennom Puskholevegen
  5. Bygging av kulvert Flisnes
  6. Bygging av kulvert Ramsvika og Hatleholen
kartutsnitt - Klikk for stort bileteFase 1: Frå mars 2024 - fram til vinter 2025


Fase 2: vinter 2025 – haust 2025

Tiltaka vil ikkje nødvendigvis gjennomførast i rekkefølge, men innanfor tidsramma av kvar fase.

  1. Bygging av delar av Puskholavegen  
  2. Sprenging og uttak av stein for GS-veg mot Flisnes  
  3. Gravearbeid Puskhola  
  4. Bygging av kulvert Puskhola
  5. Bygging av nye vannkulverter gjennom fv. 60
  6. Bygging av fv. 60 mellom Puskhola og Blindheimshallen, inkludert rundkøyring
  7. Bygging av veg til Hatleholen
  8. Bygging av veg og gang- og sykkelveg mot Blindheimshallen
  9. Bygging av kulvert Blindheimshallen
  10. Bygging av ny veg Eikenosen
kartutsnitt flisnes - Klikk for stort bileteFase 2: vinter 2025 – haust 2025

 

Fase 3: haust 2025 – vår/sommar 2026

Tiltaka vil ikkje nødvendigvis gjennomførast i rekkefølge, men innanfor tidsramma av kvar fase.

  1. Bygging av sykkelveg, Puskhola
  2. Bygging av ny veg Nyledsbakken
  3. Bygging av fv. 60 ved Blindheimshallen
  4. Bygging av Ramsvikvegen og busslomme
  5. Bygging av gangveg, Eikenosen
kartutsnitt flisnes - Klikk for stort bileteFase 3: haust 2025 – vår/sommar 2026

Sprengingsarbeid og SMS-varsling

Det vil foregå noko sprengingsarbeid i området. Sprengningsarbeid vil hovudsakleg gå føre seg mellom Puskhola og Flisnes. Mindre omfattande sprengingsarbeid vil skje også andre stadar innanfor anleggsområdet. Naboar til anleggsområdet vil merke dette i ulik grad alt etter kvar ein bur. Dersom du ønsker å bli varsla på SMS i forkant av kvar sprenging, kan du melde deg på SMS-varslinga.

Meld deg på: Nabovarsling.no - fv. 60 Blindheim - Flisnes

Les meir informasjon på prosjektsida.