
Om prosjektet
Det køyrer i overkant av 11 000 bilar i døgnet på fylkesveg 60 mellom Blindheim og Flisnes. Vegsystemet er ikkje utforma for dagens eller framtidas trafikk. Området får no ei kraftig oppgradering. Byggeperioden vil vare i om lag 2 år frå april 2024.
Sjå meir informasjon om dei ulike fasane i byggeperioden.
Sjå nabosida for prosjektet, med nyttig informasjon til naboar.
Dette er dei største tiltaka:
- Ny rundkøyring ved Blindheimshallen
- Rundkøyring ved Blindheimshallen gjer at fleire farlege kryss forsvinn: -
- krysset mot nord ved Blindheimshallen
- det firearma krysset i Puskhola
- kryssa ved Eikenosen og Hjelldalen. - Nye undergangar ved Blindheimshallen og Puskhola,
- Fortau langs Ramsvikvegen og Puskholevegen
- Ny gang- og sykkelveg på nordsida av fylkesvegen mellom Nyledbakken og Flisnes
- Samanhengande gang- og sykkelvegsystem som knyter området saman
- Tre busshaldeplassar på kvar side av vegen som blir oppgradert til dagens standard
- Støyskjermingstiltak langs fylkesvegen vil gi betre bu- og opphaldsmiljø i heile området.
Ei rundkøyring ved Blindheimshallen skal erstatte mange farlege kryss.
Byggherre: Møre og Romsdal fylkeskommune
Status: Byggestart i 2024. Planlagt ferdigstilt i 2026
Les nyheitssaker om prosjektet:
Informasjonsmøte 13. mars 2024 - sjå presentasjonar
Signerte kontrakt for vegprosjektet mellom Blindheim og Flisnes